Komande arrangement
-

Program Haust 2026
Her finn du alt som skjer i regi av Mogleg denne hausten og vinteren!
Vi tilbyr ei rekke faste møteplassar opne for alle som er interesserte – frå frukostmøta på Innom og dei personlege historiene på her&, til bedriftsbesøk gjennom Bli kjent med.
I tillegg lanserer vi to nye konsept: Passe Snevert, der vi deler konkrete tips og triks, og Mogleg Best Praksis, der lokale bedrifter fortel om vegen til suksess.
Sjå heile programmet under, og sett av datoane som passar for deg!
-

Passe Snevert - Mappestruktur
Dei fleste har ei mappe dei helst ikkje vil opne: Skrivebordet. Nedlastingar. Eller «Diverse», som berre veks og veks.
Onsdag 19. august inviterer Mogleg til det aller første Passe Snevert.
Temaet er noko dei fleste kjenner seg igjen i: mappestruktur og filorganisering.
Foredragshaldar er Christer Lunde Solberg frå Mogleg. Som fotograf har han bygd opp eit stort og omfattande biletarkiv som han må kunne manøvrere i med enkelheit. Det har gjeve han eit system han stolar blindt på – og som han no deler vidare, uavhengig av kva slags filer du sjølv jobbar med.
Å lagre filer er enkelt. Utfordringa kjem når du skal finne dei igjen.
I dette foredraget deler Christer enkle prinsipp for korleis du kan byggje eit system som fungerer i kvardagen. Du får vite korleis du kan designe mappestrukturen slik at sortering skjer nesten av seg sjølv, kvifor eit godt nok system du faktisk brukar er betre enn eit perfekt system du gir opp, og korleis du kjem i gang – sjølv om du allereie har mange år med rotete filer.
Passe Snevert er ein ny møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt – og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.
Tid: Onsdag 19. august, kl. 09.00–09.45
Stad: Digitalt på Teams
Foredragshaldar: Christer Lunde Solberg frå MoglegMeld deg på – og gjer det litt enklare å finne det du leitar etter.
Sommarjobb - Opplev! Stryn
I sommar har vi to dyktige designstudentar frå NTNU med oss. Møt Emma og Stella, som skal jobbe med å vidareutvikle Opplev! Stryn.
INNOM — Gode løysingar på krevande fråvær
Fredag 26. juni samla Innom ein stor og interessert gjeng til frukostsamling om dei vanskelege sjukefråværssakene. Advokatane frå Øverbø Gjørtz, NAV Nordfjord og NAV Arbeidslivssenter Vestland bidrog med kompetanse, ferske tal og praktiske verktøy. Det vart ein tankevekkande morgon om eit tema med konsekvensar for både arbeidsplassar og enkeltmenneske.
Innom - Det store bildet og dei små stega.
Anders Endre Nybø delte erfaringar frå 30 år med omstilling i over ti bedrifter, og presenterte konkrete verktøy for leiarar som står midt i ei krise. Rob "Swede" Curti fortalde si eiga historie — frå Russland og Miami til ein gard på Blakset. To heilt ulike karrierevegar, men med same kjerne: å våge å ta val og halde ut.
Fagdag opna dører til arbeidslivet
12. mai var 95 niandeklassingar frå Stryn, Olden og Hornindal ute i arbeidslivet for å bli betre kjende med yrke og utdanningsvegar.
Kva skal til for at folk blir verande i Nordfjord?
Blilyst er ikkje ein brytar du slår på – det er summen av små stadfestingar i kvardagen. Det var bodskapen då Anna-Natalie Martini frå NAV Nordfjord og rektor Anita Elisabet Flo (Stryn frå Stryn videregående skule gjesta Innom fredag 24. april.
Her& – Kvilepuls og campingliv med Linda Gytri ⛺️🪩
"Vi må kople av for å kople på," sa Linda Gytri då ho gjesta Her& på Salongen - Stryn Vertshus fredag 17. april. 74 damer og fire menn fylte lokalet til randen for å høyre campingvertinna frå Oldedalen snakke om kvilepuls, skaparglede og det å leve livet her og no.
Bli Kjent Med - Pretre, O.E. Hagen Dykkertjenester og Termo Partner
Fredag 10. april samla rundt 30 personar frå lokalt næringsliv og kommune seg til årets fyrste Bli kjent med. Tre spanande bedrifter opna dørene og delte sine historiar – frå takstolar og dykking til roser som har reist frå Kenya. Les heile reportasjen her.
Spanande rundtur -for å kunne gje betre råd til ungdom
Rådgjevarrunden gir rådgjevarar frå skulane verdifull innsikt i lokalt arbeidsliv og framtidige moglegheiter for ungdom. Under årets runde besøkte deltakarane både offentlege og private verksemder i vekst, og fekk møte engasjerte fagfolk innan alt frå helse og administrasjon til handverk, trening og økonomi. Dagen synte breidda i næringslivet vårt – og kor viktig samspel mellom skule og arbeidsliv er for å ruste ungdom for framtida.
INNOM - Påverkingskraft for innovasjon og vekst
Frå kamp om samferdsle til kapital for vekst – og ungdom som leverer på høgt nivå. Innom 27. mars samla perspektiv som seier mykje om retninga vidare for næringslivet i regionen.
Ungt Entreprenørskap - Sterk gründerånd blant ungdommen i Stryn!
Fire ungdomsbedrifter frå Stryn deltok i fylkesmeisterskapen i Ungt Entreprenørskap i Førde denne veka. Der imponerte elevane stort – og Brunova UB gjekk heilt til topps som beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane. No ventar NM på Lillestrøm for gründerspirene bak brettspelet «Jakten på Ceciliekruna».
INNOM - Visjonære aktørar og viktigheita av gode planar
Utydelege rammer i planverket kan skape hindringar for utvikling. Under INNOM vart plan, handlingsrom og samspel mellom kommune og næringsliv sett under lupa.
Her& - “Alltid på”
Kva skjer når vi stoppar opp og tek eigarskap til tida vår? Under HER& på Stryn Vertshus utfordra Sigrid Førde deltakarane til å stille dei spørsmåla som kan skape reell endring.
INNOM – Årets Nyskapar 2025
Singerheimen ved Rustøy Overnatting AS vart kåra til Årets Nyskapar 2025 i Stryn kommune. Prisen vart delt ut under INNOM, der tre sterke kandidatar presenterte satsingane sine for publikum og jury.
INNOM – Lean og robotisering – eit kontinuerleg forbetringsarbeid
Korleis arbeider ei industribedrift systematisk med kontinuerleg forbetring? På INNOM delte produksjonssjef Knut Ove Rygg frå Ekornes erfaringar med Lean, problemløysing og effektiv produksjon.
Innom - Økonomien fram mot 2026: Elisabeth Holvik sitt blikk på risiko, drivkrefter og moglegheiter
Sjeføkonom Elisabeth Holvik gav eit analytisk og engasjerande blikk på den økonomiske situasjonen i verda og i Noreg då ho besøkte årets siste INNOM. Med tema som geopolitikk, verdsøkonomi og rammevilkår for norsk næringsliv skapte innlegget både engasjement og vidare diskusjonar.
INNOM - Digital Prepping og nye blikk på Strynefjellet
På INNOM 28. november tok Ole Martin Bøe frå Local Host oss gjennom kva digital beredskap eigentleg betyr – og kor sårbare mange bedrifter er utan ein plan B. I tillegg delte Terje Bjerkan og Inge Fænn innsikt frå arbeidet med Strynefjellseventyret, og korleis historia frå fjellet kan inspirere nye initiativ og arrangement i Stryn.
Bli kjent med – eit inspirerande innblikk hos Nomek og Nordfjord EDB
Ein inspirerande ettermiddag med BLI KJENT MED, der vi besøkte Nomek for omvising og innblikk i deira imponerande produksjon, før Nordfjord EDB delte korleis dei jobbar med datavisualisering og GIS-løysingar. Kvelden runda vi av med næringslivspub og gode samtalar på tvers av næringslivet i Stryn.
Her& - “Frå bakst til business”
Då Mogleg inviterte til HER& med Hilde Konstali i Lodgen, vart det ei kveld fylt med varme, refleksjon og surdeigsduft. Hilde delte si reise frå barndomsdraum til eige mikrobakeri – og inspirerte med bodskapen om å våge, handle og skape det livet ein ønskjer å leve.
INNOM - Frå perm til skjerm: Gyldendal si digitale reise– med innsikt frå Kjartan Dannatt
Korleis møter eit 100 år gamalt forlag AI, endra lesevanar og nye krav til synlegheit?
På INNOM 31. oktober fortalde Kjartan Dannatt frå Gyldendal om korleis forlaget byggjer framtida gjennom data, samarbeid og digital transformasjon.
VerdiPitch sette gründerlyst på dagsorden under Strynemessa
Årets Strynemesse vart ein suksess for VERDIPITCH, arrangert av Mogleg i samarbeid med SpareBank 1 SMN. Arrangementet sette fokus på gründerskap, berekraft og verdiskaping – og resulterte i utdeling av 50.000 kroner i utviklingskapital til vinnarprosjektet.
Faste arrangement
-

INNOM
Fast frukostseminar med fagleg påfyll på Stryn VGS den siste fredagen kvar månad. Lett servering, nytrakta kaffe, gratis og utan påmelding.
Neste INNOM er den 29.august kl.08:00
på Stryn Vidaregåande skule.
-

BLI KJENT MED
Bli med på bedriftsbesøk, og avslutt med næringslivspub! “Bli kjent med” er ein populær arena for nettverking mellom bedriftene.
Neste bli kjent med er i november 2025.
-

MOGLEG BEST PRAKSIS – UNDER LANSERING
Ein Teams-møteplass der vi ein gong i månaden får høyre suksesshistoriene til bedrifter som har lukkast med sine utfordringar.
-

HER&
Ein treffstad der kvinnene har ordet – og delar av sin kompetanse.
Ope for alle, utan påmelding og heilt gratis.
Neste her& blir i november, på Stryn Vertshus.
-

KVINNEPULS
Årleg, populært arrangement med fokus på kvinnehelse, fylt med foredrag ein både kan lære og bli inspirert av.
Neste Kvinnepuls blir 7. og 8.mars 2026!
-

RÅDGJEVARRUNDE OG KARRIEREDAG
Gjennom skulekoordinatorstillinga, jobbar vi kontinuerleg med å arrangere møteplassar der elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule får eit godt møte med næringslivet og omvendt.
Følg med i sosiale medier for detaljar, eller kontakt Torstein dersom du vil bli ein del av dette nettverket.