Spanande rundtur -for å kunne gje betre råd til ungdom

Ei av oppgåvene til Koordinator skule - næringsliv, er å arrangere Rådgjevarrunde, med rådgjevarane frå dei ulike skulane og andre som driv med rådgjeving utdanning og ungdom. 

Onsdag 8.april var rådgjevarane frå Hornindal, Olden, Stryn ungdomsskule og Stryn vidaregåande skule med kring på fire ulike arbeidsplassar. I tillegg var var NAV og Nordfjordkompaniet med på rundturen. 

Jan Flore, leiar for Samfunnsutvikling i Stryn Kommune

kommunehuset er det ei rekkje ulike jobbar og profesjonar. Vi fekk møte leiar for Samfunnsutvikling, Jan Flore som fortalde om det breie spekteret av folk og jobbar som han representerer. Randi Lillestøl møtte på vegne av Helseadministrasjonen og snakka om både det og flyktningtenesta. Jannicke Sunde fortalde om sin jobb som folkehelserådgjevar, og samhandlinga ho syter for både opp mot yngre og eldre. Øyvind Blakset tok føre seg serviceavdelinga og deira mangfaldige kvardag. Til slutt oppsummerte HR sjef Unni Verlo både kva den avdelinga jobba med og viktigheita av å få til god samhandling gjennom Visjonen Felleskskap mellom Fjord og Fjell.




Martin Kvamme, dagleg leiar hos Blikkenslager Kvamme

Turen gjekk vidare til Blikkenslager Kvamme. Her fekk vi vere med på ei spanande reise med eit firma i sterk vekst. 14 tilsette som driv med både ventilasjon, tradisjonelt blikkenslagerarbeid, samt mykje nytt og spanande innan faget. Nysatsinga BK metall fekk vi og presentert. Blikkenslager Kvamme har no 3 lærlingar og ynskjer nye lærlingar velkomne. 

Ann Kristin Grodås, gründer og dagleg leiar hos Gym Stryn

Gym Stryn har ei medlemsmasse på 900 stk. Dagleg leiar Ann Kristin Grodås har sjølv bygd opp firmaet. Det er fleire deltidstilsette i bedrifta og ein fin plass for ungdom å få mindre jobbar og jobberfaring. Imponerande, flotte lokaler med store variasjonsmoglegheiter og ikkje minst spanande å høyre på gründeren som våga å satse og har lukkast. 

Til slutt sto ØkoRåd på planen. Johnny Hjelle og Ivar Paulsen fortalde om firmaet med 500 tilsette på landsbasis og om satsinga ØkoRåd Fjord, som er den lokale avdelinga på nordvestlandet. Med entusiasme og stor innsikt fortalde dei to om kva firmaet jobbar med og viktigheita av å ha rekneskapsutdanning som utgangspunkt for å kunne forstå dei ulike jobbmoglegheitene innan økonomifaget. 

Johnny Hjelle og Ivar Paulsen hos ØkoRåd.

Tusen takk til alle som stilte på. Dette vart nok ein inspirerande og lærerik dag. Rådgjevarane har med denne dagen vore innom kring 60 ulike bedrifter dei siste 6-7 åra. 

Neste
Neste

INNOM - Påverkingskraft for innovasjon og vekst