Workshop i Stryn
Workshop i Stryn

MOGLEG er eit innovasjonsselskap som legg til rette for dei gode koplingane som faktisk kan bety noko.

Gjennom grundig rådgjeving og gode nettverksamlingar bidreg vi til positiv endring og lokal verdiskaping.

Vi tilbyr digitale marknadsføringstenester til både små og store bedrifter, og samarbeider blant anna med Innovasjon Norge.

Vi driftar òg næringshageprogram, og hjelper gründarar med å realisere forretningsidéar.

Saman med Siva, Innovasjon Norge, Inunet og Vekst i lag legg vi til rette for at bedrifter og gründerar kan utvikle seg – og gjere det dei ønskjer å skape, mogleg.

Du har behova – vi har kompetansen.

Dei fleste bedrifter er ikkje profesjonelle reklamekjøparar, eller har budsjetta til å kjøre store kampanjer over lang tid.

Likevel fortener dei god marknadsføring, og det å oppleve effekten av langsiktig og taktisk merkevarebygging.

Gjennom rådgjeving og workshops, kartlegg vi kva bedriftene treng. Deretter skreddersyr vi eit opplegg til di bedrift, etter ditt budsjett.

Dette kan involvere frilansarar som er med i vårt kreative kompetanseforum, men også lokale byrå og andre i vårt innovasjonsnettverk.

Det viktigaste er at du får noko som funker.

SLIK KAN PROSESSEN SJÅ UT:

  1. Vi treffast og tek ein uforpliktande prat om behov, ambisjonsnivå og budsjett ut frå dagens situasjon i di bedrift. Denne praten og ein kaffi, spanderer vi.

  2. Med utgangspunkt i behova, gjennomfører vi t.d. workshopar eller rådgjeving som gir oss svar på kva tiltak som må gjerast for at du skal oppnå det du ønskjer. Sjølvsagt tilrettelagt di tid og ditt budsjett.

  3. Når vi veit kva tiltak som skal gjerast, finn vi rett person til rett jobb. Saman utformar vi ein plan for framdrift og ein arbeidsmetode som passar med måla vi har sett oss.

  4. Undervegs i prosessen vil MOGLEG kvalitetssikre arbeidet, og ta evalueringsmøter med alle involverte og bedrifta undervegs for å sikre at vi har oppnådd det vi ønska.

Effektiv kommunikasjon startar med eit godt kompass.

Verdien av ein god strategi er enorm.

Vi kjører kostnadseffektive og solide strategiprosessar innan :

  • Forretningsstrategi

  • Merkevarestrategi

  • Markedsføringsstrategi

  • Kommunikasjonsstrategi

  • Sosiale medier-strategi

  • Digital innholdsstrategi

  • Kommunikasjon og bærekraft

Vi bringer work tilbake til workshops.

For ja. Vi held ein god del workshops.

Har du høyrt om dei?

Vi har sidan 2020 fasilitert over 100 workshopar for bedrifter i heile Norge. Både i offentleg og privat sektor. For 3 personar og opp til grupper på 90.

Vi får stadig positive tilbakemeldingar på at workshopane vi held er både nyttige, unike og morosame.

Og ikkje minst er folk nøgde med at det ein kjem fram til ikkje vert lagt i ei skuff når ein er ferdig.

workshop Stryn

Vi kan også eit og anna om dette …

  • Korleis veit du om nettsida di gjer jobben? Treng du å vere aktiv i sosiale medier, og i kva kanalar og kva krever det av bedrifta di? Dette og mange andre spørsmål kan vi svare på, både gjennom å analysere og måle din digitale tilstedeværelse, men også sjå på målgruppa di og kva dei treng.

  • Kva bilete reflekterer di merkevare best, og kva innhold skal du ha på nett – og i kva grad? Saman finn vi svaret, og produserer og legg opp innholdet for deg på den måten som tener di bedrift best.

  • Chat GPT er vel og bra, men korleis skriv ein innhold som skapar engasjement blant akkurat di målgruppe – og som fører dei dit du vil ha dei? Vi har spisskompetanse innafor tekstforfatting og innholdsstrategi, og snakkar gjerne med deg om viktigheita av godt innhald.

  • Det ein kaller “heispitch” er som regel eine og aleine god histoireforteljing. Vi har funne historia til mange av bedriftene vi jobbar med – og fått den ned på papiret. Då blir det både enklare å selge og kommunisere kva ein driv med.

  • Nokre gonger er gode bilete akkurat det som manglar for at kommunikasjonen skal bli betre. Vi har strålande kompetanse på dette, i tillegg til at vi har tilknytt oss eit nettverk av fleire fotografar slik at du skal få den kompetansen som passar best til ditt behov.

Nokre kortreiste kreatørar vi samarbeider med

  • Ada Elise Håberg

    UTVIKLER

  • Ole Eltvik

    FOTOGRAF

  • Karen Elise

    ILLUSTRATØR

  • Espen Skår

    GRAFISK DESIGNER

  • Dag Ulvedal

    FILMFOTOGRAF OG KLIPPER

  • Hege Kveen

    DIGITAL MARKNADSFØRAR

  • Maria Flatland Ese

    GRAFISK DESIGNER

  • Ida Randine Meland

    INNHOLDSDESIGNER & UX-RÅDGIVER

  • Ditt navn?

    VIL DU BLI EIN DEL AV DENNE GJENGEN?

    TA KONTAKT, SÅ TEK VI EIN PRAT.

Stolt som ein hane.

Alle kan skryte av seg sjølv. Snakk heller med ei av bedriftene vi har gjort noko for, og spør korleis dei opplevde oss. Nokre fleire av dei vi har jobba med, kan vi nevne her :

  • Intin

  • Puls Førde

  • Nomek

  • VirtualHouse

  • INNVIK AS

  • Nordfjordkompaniet

  • BasisBall

  • Aarneset gardstun

  • Vendanor

  • Visnes Hotel

  • GYM Stryn

  • Hoff & Knutson Transport

  • med fleire …

Næringshageprogrammet = det som kan vere avgjerande for utvikling av di bedrift.

Erna Solberg Næringshage

Det heile starta i 2002, då Stryn Næringshage vart avduka.

Sidan den dagen har Stryn Næringshage drifta næringshageprogrammet saman med Inviro på Nordfjordeid, og saman har vi hjulpe hundrevis av bedrifter til å utvikle seg.

Men kva er næringshageprogrammet?

Næringshageprogrammet er midlar vi forvaltar saman med Innovasjon Norge, som skal hjelpe bedrifter med å vekse og utvikle seg.

Desse midlane skal bidra til at du som bedrift kanskje tek eit steg du ellers ikkje ville tatt, hadde det ikkje vore for at du fekk litt drahjelp frå oss.

Deler de altså ut pengar til dei bedriftene som vil ha?

Nei, ikkje akkurat – men du kan nytte programmet til å kun betale eigenandel på tenester bedrifta di treng for å utvikle seg.

Næringshageprogrammet er midlar vi har søkt på, og per dags dato får vi 1,4 millionar årleg å nytte til utvikling av bedriftene i regionen vår. Desse midlane rapporterer vi nøye på, gjennom heile året.

Desse midlane må difor forvaltast veldig godt, og nyttast akkurat der dei gir mest tilbake til bedrifta og næringslivet.

Det vi gjer er å sjå kva potensiale di bedrift har for å utvikle seg, og korleis du vil engasjere deg i eit samarbeid med oss.

Deretter finn vi ut behova dine, og så kan det hende du blir invitert inn som målbedrift. Og det å få bedrifter inn i næringshageprogrammet for å utvikle seg – det er noko av det kjekkaste vi veit.

Snakkar vi om deg? Ta kontakt, så finn vi det ut.