Kom i kontakt!

Besøk oss

Tinggata 3

(energibygget ved Stryneelva)

Mandag til fredag

09:00–16:00

Ring oss

Torstein 917 13 422

Christer 909 73 065

Jenny 916 90 965

Ein liten del av eit større nettverk

MOGLEG er ein liten del av eit større nettverk, som består av næringshagar, innovasjonsselskap og inkubatorar frå heile Vestland.

Vi som jobbar i Mogleg, er

Torstein Tvinnereim, Jenny Staalnacke og Christer Solberg.

Vi leverer alt frå forretningsrådgjeving, førstelinjeteneste og næringshageprogram, til kommunikasjonstenester skreddersydd bedriftene.

Kort sagt brenn vi for alt som engasjerer på ekte. Vi held også foredrag og held skreddersydde workshopar.

Vekst i lag – den næraste gjengen vår

Eit av dei næraste nettverka vi har, er Vekst i lag – som består av andre næringshagar og inkubatorar i Sogn og Fjordane. Dette er ein fantastisk dyktig gjeng, som du har full tilgang på kompetansen til. Vi kan som eksempel nevne at vi allereie har hjulpe mange bedrifter med rekruttering, gjennom Kunnskapsparken Vestland, vi har sendt fleire på kurs gjennom Inviro, vi har fått gode råd til avtaler gjennom Klar Bedrift, og vi har fått spennande tilbod til bedriftene gjennom Aksello. Dette er vår innerste sirkel, og dei står klare til å hjelpe DEG!

INUNET – verdifull Vestlandskompetanse

Eit av dei andre nettverka vi er tett på, heiter INUNET, og er drifta av VIS. Dette seier kanskje ikkje deg så mykje – men kort sagt betyr det at DU får tilgong på ekstremt god kompetanse gjennom at vi kjenner alle desse dyktige folka.

I denne kjekke gjengen finn du næringhsagar og inkubatorar frå heile Vestland. Dei – som oss, står klare til å yte den aller beste hjelpa til deg og di bedrift.

Næringshagene i Norgegod støtte og nasjonal kunnskap

Næringhsagene i Norge er eit nettverk beståande av alle dei som driftar eit næringshageprogram i Norge. Her er den geografiske dekninga brei, og kompetansen deretter. Dette er det berre å benytte seg av, og vi er berre ein telefonsamtale unna til resten av landet dersom du har sett bedrifter få det til andre stader i Norge. Ta kontakt med oss, så set vi deg i kontakt.

Så, kva venter du på? Kast dine utfordringar på oss, så landar du nok trygt. Enten med hjelp frå oss, eller frå nokon i nettverket vårt.