Du har behova – vi har kompetansen.
Dei fleste bedrifter er ikkje profesjonelle reklamekjøparar, eller har budsjetta til å kjøre store kampanjer over lang tid.
Likevel fortener dei god marknadsføring, og det å oppleve effekten av langsiktig og taktisk merkevarebygging.
Gjennom rådgjeving og workshops, kartlegg vi kva bedriftene treng. Deretter skreddersyr vi eit opplegg til di bedrift, etter ditt budsjett.
Dette kan involvere frilansarar som er med i vårt kreative kompetanseforum, men også lokale byrå og andre i vårt innovasjonsnettverk.
Det viktigaste er at du får noko som funker.
SLIK KAN PROSESSEN SJÅ UT:
Vi treffast og tek ein uforpliktande prat om behov, ambisjonsnivå og budsjett ut frå dagens situasjon i di bedrift. Denne praten og ein kaffi, spanderer vi.
Med utgangspunkt i behova, gjennomfører vi t.d. workshopar eller rådgjeving som gir oss svar på kva tiltak som må gjerast for at du skal oppnå det du ønskjer. Sjølvsagt tilrettelagt di tid og ditt budsjett.
Når vi veit kva tiltak som skal gjerast, finn vi rett person til rett jobb. Saman utformar vi ein plan for framdrift og ein arbeidsmetode som passar med måla vi har sett oss.
Undervegs i prosessen vil MOGLEG kvalitetssikre arbeidet, og ta evalueringsmøter med alle involverte og bedrifta undervegs for å sikre at vi har oppnådd det vi ønska.
Effektiv kommunikasjon startar med eit godt kompass.
Verdien av ein god strategi er enorm.
Vi kjører kostnadseffektive og solide strategiprosessar innan :
Forretningsstrategi
Merkevarestrategi
Markedsføringsstrategi
Kommunikasjonsstrategi
Sosiale medier-strategi
Digital innholdsstrategi
Kommunikasjon og bærekraft
Vi bringer work tilbake til workshops.
For ja. Vi held ein god del workshops.
Har du høyrt om dei?
Vi har sidan 2020 fasilitert over 100 workshopar for bedrifter i heile Norge. Både i offentleg og privat sektor. For 3 personar og opp til grupper på 90.
Vi får stadig positive tilbakemeldingar på at workshopane vi held er både nyttige, unike og morosame.
Og ikkje minst er folk nøgde med at det ein kjem fram til ikkje vert lagt i ei skuff når ein er ferdig.
Vi kan også eit og anna om dette …
-
Korleis veit du om nettsida di gjer jobben? Treng du å vere aktiv i sosiale medier, og i kva kanalar og kva krever det av bedrifta di? Dette og mange andre spørsmål kan vi svare på, både gjennom å analysere og måle din digitale tilstedeværelse, men også sjå på målgruppa di og kva dei treng.
-
Kva bilete reflekterer di merkevare best, og kva innhold skal du ha på nett – og i kva grad? Saman finn vi svaret, og produserer og legg opp innholdet for deg på den måten som tener di bedrift best.
-
Chat GPT er vel og bra, men korleis skriv ein innhold som skapar engasjement blant akkurat di målgruppe – og som fører dei dit du vil ha dei? Vi har spisskompetanse innafor tekstforfatting og innholdsstrategi, og snakkar gjerne med deg om viktigheita av godt innhald.
-
Det ein kaller “heispitch” er som regel eine og aleine god histoireforteljing. Vi har funne historia til mange av bedriftene vi jobbar med – og fått den ned på papiret. Då blir det både enklare å selge og kommunisere kva ein driv med.
-
Nokre gonger er gode bilete akkurat det som manglar for at kommunikasjonen skal bli betre. Vi har strålande kompetanse på dette, i tillegg til at vi har tilknytt oss eit nettverk av fleire fotografar slik at du skal få den kompetansen som passar best til ditt behov.
Nokre kortreiste kreatørar vi samarbeider med
-
Ada Elise Håberg
UTVIKLER
-
Ole Eltvik
FOTOGRAF
-
Karen Elise
ILLUSTRATØR
-
Espen Skår
GRAFISK DESIGNER
-
Dag Ulvedal
FILMFOTOGRAF OG KLIPPER
-
Hege Kveen
DIGITAL MARKNADSFØRAR
-
Maria Flatland Ese
GRAFISK DESIGNER
-
Ditt navn?
VIL DU BLI EIN DEL AV DENNE GJENGEN?
TA KONTAKT, SÅ TEK VI EIN PRAT.
Stolt som ein hane.
Alle kan skryte av seg sjølv. Snakk heller med ei av bedriftene vi har gjort noko for, og spør korleis dei opplevde oss. Nokre fleire av dei vi har jobba med, kan vi nevne her :
Intin
Puls Førde
Nomek
VirtualHouse
INNVIK AS
Nordfjordkompaniet
BasisBall
Aarneset gardstun
Vendanor
Visnes Hotel
GYM Stryn
Hoff & Knutson Transport
med fleire …