Mogleg er til for gründerar og etablerte bedrifter som veit at dei beste idéane oppstår når folk møtast.

Gjennom rådgjeving, marknadsføring, design og møteplassar gjer vi det mogleg.

Vi liker å halde det enkelt  og engasjere oss på ekte. 

Først då får ein resultat å prate om. 

Om det er mogleg? 

Sjølvsagt. Vi gjer det. 

Berre ta kontakt!

  • Jenny Staalnacke Mogleg

    JENNY STAALNACKE

    DAGLEG LEIAR & KREATIV STRATEG

    Hei!

    Mi erfaring skriv seg frå over 15 år i reklamebransjen, der eg blant anna har hjelpt merkevarer som Interoptik, Power, Montér, Jernbanedirektoratet, Nidarosdomen, Forbrukerrådet, Disney og Microsoft med kommunikasjon.

    Sidan eg flytta til Vestland i 2020, har eg holdt over 100 workshoper for lokale bedrifter, og dekka alt frå treningssenter til bakeri, reiseliv og industri. Kanskje eg er så heldig å få hjelpe deg neste gong?

  • Torstein Tvinnereim Mogleg

    TORSTEIN TVINNEREIM

    RÅDGJEVAR & KOORDINATOR

    Hei!

    Eg har jobba i det som var tidlegare Stryn Næringshage i over 10 år, er politikar og lærar i tillegg til skule- og næringslivkoordinator. Dette har blant anna vore startgropa til det du kanskje kjenner som Nordfjordkompaniet.

    Eg har skrive fleire musikalar og teaterstykke, blant anna Ull innerst i sjela , for Gamle Innvik Ullvarefabrikk der eg no også har ei deltidsstilling. Eg er veldig god på å kople skule og næringsliv, og arrangerer også Stryn Visefestival ein gong i året. Har du også mange jarn i elden? Ta kontakt!

  • Christer Solberg Mogleg

    CHRISTER SOLBERG

    DIGITAL MARKNADSFØRER & RÅDGJEVAR

    Hei!

    Eg har bakgrunn innan fotografi gjennom utdanning hos Bilder Nordic, og har dei siste åra arbeidd som sjølvstendig fotograf. Eg har òg utdanning innan digital marknadsføring frå Noroff.

    Med kombinasjonen av visuelt uttrykk, kommunikasjon og strategi har eg fått jobbe med å utvikle digitale opplevingar og resultat for fleire bedrifter i Vestland.

    Anten det handlar om å skape merksemd digitalt eller å bli betre i sosiale medier, kan eg hjelpe deg og di verksemd vidare.

    Lurer du på korleis bedrifta di kan bli meir synleg og treffsikker digitalt? Ta kontakt, så kan vi starte med ei kjapp analyse.

  • MARIA FLATLAND ESE

    GRAFISK DESIGNER & RÅDGJEVAR

    Hei!

    Bakgrunnen min er litt utanom det vanlege, med utdanning som både sosionom og grafisk designer. Der dei fleste designarar startar med det visuelle, startar eg alltid med menneska bak. Eg verdsett tett kontakt med dei eg samarbeida med, og stiller ofte spørsmålet “kva slags verdi har dette”?

    Etter fleire år som freelance kreatør har eg opparbeidd meg brei erfaring med å forvandle innsikt og fortellingar til visuell kommunikasjon som treffer folk. Eg har jobba med kundar i alle størrelsar, frå mindre private bedrifter til større aktører som Barnas Hus blant anna. Eg er oppteken av å tenke lange tankar, og skape noko som varar.