Næringshageprogrammet = det som kan vere avgjerande for utvikling av di bedrift.
Det heile starta i 2002, då Stryn Næringshage vart avduka.
Sidan den dagen har Stryn Næringshage drifta næringshageprogrammet saman med Inviro på Nordfjordeid, og saman har vi hjulpe hundrevis av bedrifter til å utvikle seg.
Men kva er næringshageprogrammet?
Næringshageprogrammet er midlar vi får frå Siva, til å hjelpe bedrifter med å vekse og utvikle seg. Det heiter eit program, sidan dei som disponerer det er ansvarlege for å følge eit sett (enkle) reglar for å sjå til at midlane vert nytta på dei bedriftene som treng det – på den rette måten.
Til dei vi jobbar med har vi ofte kalla Næringshageprogrammet for “krydderet” eller “strøsselet”, då dette er midlar som skal bidra til at du som bedrift kanskje tek eit steg du ellers ikkje ville tatt, hadde det ikkje vore for at du fekk litt drahjelp frå oss.
Deler de altså ut pengar til dei bedriftene som vil ha?
Siva bevilgar 21 millionar til 11 næringshagar og inkubatorar over heile landet kvart år. Desse midlane har vi søkt på, og desse midlane rapporterer vi nøye på, gjennom heile året.
Desse midlane må difor forvaltast veldig godt, og nyttast akkurat der dei gir mest tilbake til bedrifta og næringslivet. Det vi gjer er å sjå kva potensiale di bedrift har for å utvikle seg, og korleis du vil engasjere deg i eit samarbeid med oss. Så finn vi ut behova dine, og deretter kan det hende du blir invitert inn som målbedrift. Og det å få bedrifter inn i næringshageprogrammet for å utvikle seg – det er noko av det kjekkaste vi veit.
Snakkar vi om deg? Ta kontakt, så finn vi det ut.