Grafisk dyktig og samfunnsengasjert prosjektleiar med digital skaparglede – finst du (eller spør vi om for mykje)?

  • What's in it for YOU?

    Lista er eigentleg ganske lang – for rett person.

    Hos oss får du friheit under ansvar, mykje tillit, god kaffi og moglegheita til å engasjere deg i det du tykkjer er viktig.

    Arbeidsplassen er i Stryn sentrum (med solid 90-talsestetikk som du vil digge).

    Vi trivst best når vi sit i same rom og løyser samfunnsproblem medan vi eigentleg skulle gjort noko heilt anna – så fullt remote blir ei utfordring. Men ein heimekontordag no og då, det er heilt innafor.

    Du får også …

    – Bli kjent med spennande bedrifter i regionen

    – Utvikle grafisk design og ta del i strategiarbeid for spennande kundar

    – Leie prosjekt frå idé til leveranse

    – Bidra i merkevare- og kommunikasjonsarbeid

    – Arrangere event for næringsliv og lokalsamfunn

    – Samarbeide tett med kundar og nettverket vårt

    I tillegg får du engasjere deg i næringshageprogrammet for Innovasjon Norge og førstelinjetenesta for Stryn kommune – der du får sparre med gründerar og etablerte verksemder og hjelpe idéar frå tanke til handling.

    Alt dette synest vi er ganske kult og meiningsfullt. Enig?

    Då vil du elske din kvardag hos oss!

  • Vi er Mogleg

    Vi er ein optimistisk gjeng som likar å gjere det mogleg. Som eit lite og engasjert team driv vi vi med alt frå utviklingsprosjekt og arrangement til merkevarebygging, digital marknadsføring og strategisk rådgjeving. Vi hjelper bedrifter å finne retning og skape resultat som faktisk betyr noko.

    Vi legg vekt på ekte engasjement, samarbeid og at arbeidet vi gjer skal ha faktisk effekt for lokalsamfunnet og næringslivet rundt oss.

    Kom gjerne innom og hels på oss.

  • Vår drømmekollega (om vi får lov til å vere såpass ærlege)

    Vi søker ein person i ei 100% stilling, med arbeidsstad Stryn.

    Dersom vi er veldig heldige, fins det ein person der ute som kan tenke seg å bli vår kollega, og som har:

    • grafisk kompetanse og skaparglede

    • erfaring med prosjektleiing og budsjett

    • engasjement for samfunns- og næringsutvikling

    • tryggleik i digitale verktøy for design og marknadsføring

    Så – kan dette vere noko for deg (og oss) trur du?

    Då er det berre å hive seg rundt og sende ein søknad til jenny@mogleg.no innan 15.april.

    Vi gler oss til å høyre frå deg!