21. OktoberKl 09.00-09.45
📍Teams
PASSE SNEVERT
Korleis heng klima, miljø og politikk saman, og kva betyr det for deg?
I denne utgåva av Passe Snevert deler Frikk Hugo Nesje kunnskapen sin og hjelper deg å sjå samanhengane bak overskriftene.
Passe Snevert er ein digital møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt, og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.
Påmelding er nødvendig, slik at vi kan sende deg lenka til Teams-møtet.
23. oktoberkl 15.00-18.00
📍Hornindal med buss
BLI KJENT MED
Kva skjer eigentleg innanfor veggane hos verksemdene rundt oss?
Denne gongen tek vi bussen til Hornindal og besøker Raudemel Biogass og Ekornes. Du får sjå verksemdene frå innsida og høyre korleis dei jobbar. Vi avsluttar med næringslivspub på Kroa.
Bli Kjent Med er ein møteplass frå Mogleg, med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Her blir du betre kjent med næringslivet i regionen, og med folka som driv det.
Påmelding er nødvendig, slik at vi veit kor mange som skal vere med på bussen.
30. oktoberKl 08.00-09.30
📍Stryn Vidaregåande Skule
INNOM
Kva betyr statsbudsjettet for deg, bedrifta di og lokalsamfunnet vårt?
Kort tid etter at budsjettet er lagt fram, tek SpareBank 1 SMN oss gjennom dei viktigaste endringane for privatøkonomien og næringslivet.
INNOM er ein månadleg møteplass frå Mogleg for næringslivet, det offentlege og alle andre interesserte. Her får du fagleg påfyll og ein god start på fredagen saman med andre.
Ingen påmelding. Berre kom innom, kaffien står klar.
PASSE SNEVERT
Kva har investeringar, Berlin og bil med kvarandre å gjere?
Det får du svar på i denne utgåva av Passe Snevert, når Einar Skjerven deler kunnskapen og erfaringane sine.
Passe Snevert er ein digital møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt, og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.
Påmelding er nødvendig, slik at vi kan sende deg lenka til Teams-møtet.
18. novemberKl 09.00-09.45
📍Teams
27. novemberKl 08.00-09.30
📍Stryn Vidaregåande Skule
INNOM
Info kjem snart!
BEST PRAKSIS
4. desemberKl 09.00-10.00
📍Teams
Info kjem snart!
8. desemberKl 08.00-09.30
📍Visnes Hotel
INNOM
Korleis ser økonomien ut for 2027, og kva bør du vere førebudd på?
SpareBank 1 Sogn og Fjordane gir oss eit blikk framover mot det nye året, for både privatøkonomien og næringslivet. Denne gongen held vi til i Låven hos Visnes Hotel, ei fin ramme for ein morgon i førjulstida.
INNOM er ein månadleg møteplass frå Mogleg for næringslivet, det offentlege og alle andre interesserte. Her får du fagleg påfyll og ein god start på dagen saman med andre.
Ingen påmelding. Berre kom innom, kaffien står klar.