INNOM - Påverkingskraft for innovasjon og vekst

Engasjement, kapital og nye generasjonar i spel

Fredag 27. mars samla vi næringsliv, gründerar og utviklingsaktørar til Innom på Stryn vidaregåande skule. Det blei ein morgon med tydelege bodskap, konkrete initiativ – og eit godt innblikk i kva som rører seg i regionen akkurat no.

Kampen om infrastrukturen

Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane Næringsråd la ikkje skjul på frustrasjonen sin. Samferdsle er avgjerande for næringslivet, og kampen om prioriteringar skjer ikkje lokalt – men nasjonalt.

Med prosjekt som ferjefri E39, rv15 over Strynefjellet og Stad skipstunnel som bakteppe, peika han på behovet for å stå samla og trykke der avgjerdene faktisk blir tekne.

Særleg arbeidet med Stad skipstunnel viser kva som er mogleg når ein mobiliserer over tid. Med lågare kostnadsestimat og auka samfunnsnytte er optimismen større enn på lenge.

– Vi har passert 50 prosent sjanse, sa Lødemel.

Frå gode idear til faktisk vekst

Alfred Bjørlo frå Drivkraft

Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Drivkraft, tok tak i ei utfordring mange kjenner på: Vi er gode på å starte – men dårlegare på å vekse.

Med ein startkapital på 100 millionar kroner er ambisjonen å bidra til meir fart i eksisterande bedrifter i Sogn og Fjordane. Samstundes var bodskapen tydeleg: Drivkraft skal ikkje bli ein ny aktør på toppen av eit allereie komplekst system, men jobbe tett på næringslivet og kople kapital med dei rette prosjekta.

– Det skal ikkje berre vere prat, men pengar.

Målet er å skape meir kraft bak ideane som allereie finst – og bidra til at fleire faktisk tek steget vidare.

Framtida står klar

Amanda-Rakel Villacampa Frøyset, Medina Khutaeva, Margrethe Krogh Opheim og Bruno Haugen Sønsterudbråten frå Brunova UB. Lærar Sonja Øvre-Flo i midten.

Eit av høgdepunkta denne morgonen var presentasjonen frå Brunova UB.

Med brettspelet Jakten på Ceciliekruna – utvikla lokalt, testa i marknaden og no på veg til landsfinale – viste dei kva som skjer når idé, innsats og gjennomføringsevne møtest.

– Skapt lokalt, spelt overalt.

Bak presentasjonen låg det tydeleg arbeid, struktur og tryggleik i formidlinga – noko som også vart trekt fram som ein styrke i vurderinga av ungdomsbedrifta.

Gjennom arbeidet vårt i Mogleg har vi fått følgje fleire av ungdomsbedriftene tett, og det er ekstra kjekt å sjå utviklinga – frå idé til ferdig produkt, og vidare ut i marknaden.

Eit innblikk i kva som rører seg

Innom denne fredagen gav eit godt bilde på kva som rører seg i regionen akkurat no.

Frå tydelege bodskap om samferdsle og behovet for å stå samla i kampen om nasjonale prioriteringar – til konkrete grep for å få meir kapital og vekst inn i eksisterande bedrifter.

Og ikkje minst: ei påminning om kva som er på veg opp.

For dei som var til stades, vart det ein morgon med både inspirasjon og ettertanke. For andre gir det eit lite innblikk i kva som skjer når næringsliv, initiativ og nye generasjonar møtest.

Forrige
Forrige

Spanande rundtur -for å kunne gje betre råd til ungdom

Neste
Neste

Ungt Entreprenørskap - Sterk gründerånd blant ungdommen i Stryn!