Ungt Entreprenørskap - Sterk gründerånd blant ungdommen i Stryn!
Torsdag denne veka gjekk turen til Førde for fylkesmeisterskapen i Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane. Frå Stryn vidaregåande skule deltok fire ungdomsbedrifter: Eventyrkort UB, Survival UB, NordfjordKoppen UB og Brunova UB. Med på turen var også Christer Lunde Solberg frå Mogleg, som fekk oppleve på nært hald både engasjementet, nivået og innsatsen elevane legg ned i arbeidet sitt.
Bruno Haugen Sønsterudbråten, Medina Khutaeva, Margrethe Krogh og Amanda-Rakel Villacampa Frøyset frå Brunova UB, som vann prisen for Beste Ungdomsbedrift.
Ungt Entreprenørskap er ein landsdekkande ideell organisasjon som arbeider for å utvikle barn og unge si kreativitet, skaparglede og tru på eigne evner. Gjennom ungdomsbedrifter får elevar i vidaregåande skule starte, drive og avvikle ei eiga bedrift i løpet av eit skuleår. Arbeidet skjer i tett samarbeid med både skule og lokalt næringsliv – og gir elevane ei unik moglegheit til å prøve seg på entreprenørskap i praksis.
Sterke prestasjonar frå Stryn
Under fylkesmeisterskapen konkurrerte ungdomsbedriftene i ei rekke kategoriar, mellom anna beste forretningsmodell, beste salgsbedrift, innovasjonspris og marknads- og kommunikasjonspris. I tillegg kjem hovudprisen: Beste Ungdomsbedrift.
Her imponerte Stryne-elevane stort.
Brunova UB gjekk heilt til topps og vart kåra til Beste Ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane. Bedrifta står bak brettspelet «Jakten på Ceciliekruna», inspirert av sagnet om fjellet Ceciliekruna i Olden. Spelet kombinerer lokal historie, kreativ historieforteljing og handlaga produksjon – eit arbeid som tydeleg imponerte juryen.
Med sigeren får Brunova UB representere fylket under NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i slutten av april, der dei skal konkurrere mot rundt 70 ungdomsbedrifter frå heile landet.
Bedrifta fekk også 2. plass i Samfunnsbyggjarprisen, noko som understrekar breidda i arbeidet dei har lagt ned.
Rikke Sørland, Vilde Fannemel Vik og Kinan Samman frå Eventyrkort UB
Også Eventyrkort UB fekk vise seg fram på scena og deltok i pitchekonkurransen om beste ungdomsbedrift – ein sterk prestasjon i seg sjølv.
Imponerande nivå
Fylkesmeisterskapen samla ungdomsbedrifter frå heile regionen, og nivået på idear, presentasjonar og gjennomføring var gjennomgåande høgt.
Mari Hatling Skåden, Tuva Skåden Aarreberg, Lena-Maria Gjerde Mangard og Silje Marie Vanberg Solheim frå Nordfjordkoppen UB.
For dei som fekk vere med frå sidelinja, var det særleg imponerande å sjå kor profesjonelt elevane presenterte både produkt, forretningsmodell og samarbeidet i teamet sitt. Elevane måtte gjennom både scene-pitchar, intervju med jury og presentasjon ved eigen stand – ei krevjande øving i både kommunikasjon og entreprenørskap.
Ein viktig arena for framtidas næringsliv
Christine Skrede Edvinsen og Emma Gjerde Årdal frå Survival UB
Ungdomsbedrifter gir ungdom ei konkret erfaring med å skape noko sjølv – frå idé til produkt, frå samarbeid til økonomi og marknadsføring. Programmet fungerer difor som ei viktig bro mellom skule og arbeidsliv.
Når fire lag frå Stryn deltek i fylkesmeisterskapen – og eitt av dei går heilt til topps – seier det også noko om engasjementet og gründerinteressa blant ungdommen i bygda.
Det lover godt for framtida.
No blir det ekstra spennande å følgje Brunova UB vidare til NM, og sjå kor langt gründerspirane frå Stryn kan nå!