Bli Kjent Med - Pretre, O.E. Hagen Dykkertjenester og Termo Partner
Rundt 30 frå lokalt næringsliv og kommune møtte fredag 10. april opp til årets fyrste Bli kjent med, i regi av Mogleg.
Bli kjent med er eit konsept der næringsliv og andre interesserte og involverte får høve til å bli betre kjent med kvarandre.
Det skal vere både lærerikt, sosialt og ikkje minst gje moglegheit for samskaping.
Denne runden var fabrikken til PreTre fyrste stopp.
Her guida Pål Erik Ytreeide oss i dei store og flotte lokala. Vi fekk sjå korleis takstolar vart pressa og laga til. Vi vart og gjort kjent med både prekutt og ferdige veggmodular som vart produsert på fabrikken.
Pål Eirik Ytreeide hos Pretre
Pretre vart etablert av Gunnar Svarstad i 1976, og bedrifta har vakse seg til ein av dei leiande aktørane i det norske marknaden for prefabrikkerte trekonstruksjonar. Fabrikken ligg på Langeset, medan administrasjon, sal og ingeniørar held til i Stryn sentrum. I tillegg til Stryn har Pretre også ein fabrikk i Gausdal.
Også Pretre har merka utfordringane i byggebransjen dei siste åra. Frå å vere kring 50 tilsette totalt, er ein no nede i halvparten.
Hagen Dykkerservice
Olav Erik Hagen har hatt hobbyen som arbeidsplass heile sitt vaksne liv. Frå å starte eit dykkerfirma då åttitalet vart nittital, er Hagen i dag del av det landsomfattande selskapet Submara. Hagen er likevel framleis frittståande med hovudkontor ved Skarsmyra i Stryn og med filialar i Bergen og Kristiansand.
Olav Erik Hagen
Dei frammøtte fekk høyre om både oppstart, oppbygging og ikkje minst spanande og store prosjekt som firmaet har hatt og har.
Son til Olav Erik, Sigbjørn Hagen, er dagleg leiar for den nye satsinga Submara Survey – eit firma som i dag tilbyr totale tenester innan survey og ROV – og er slik med på å føre verksemda vidare.
Sigbjørn Hagen
Rosereisa
Midt i Stryn sentrum ligg Termo Partner.
I salongen på Stryn Vertshus fortalde dagleg leiar Rune Omedal om korleis firmaet har bygd seg opp frå at Stig Ove Hoel starta det opp heime, til at dei no har 50 eigne lastebilar og kring 50 innleigde bilar og distribuerer det meste av blomster til heile Norges land. Å frakte blomster krev stor innsikt og presisjon. Det er difor ein kompetanse som få har og som treng stor grad av tilrettelegging. Nøyaktig rett temperatur og fuktighet tilpassa dei ulike blomstertypar og ein ekstremt utfordrande logistikk for å kunne levere til alle som sel blomster kring i heile Noreg.
Rune Omedal hos Termo Partner
Denne kunnskapen sit ein på i Stryn, og herifrå blir logistikken lagt – kvar einaste dag, heile året.
Visste du forresten at dei aller fleste roser som kjem i butikken blir produsert på høgslettene i Kenya og Etiopia? Rosereisa startar der, via fly til Amsterdam, før Termopartner tek over, køyrer rosene til Noreg og plasserer dei på rette bilar – slik at du kan kjøpe roser ein torsdag på butikken i Stryn, ei veke etter at dei er blitt kutta på ei høgslette i Kenya.
Tre vidt forskjellige bedrifter – alle med fasinerande historier og kunnskap dei delte raust.
Takk også til Olden Cruise for transporten og Stryn Vertshus for godt vertskap!