INNOM – Årets Nyskapar 2025
Kristin Øye Rustøy, Harald Øye Rustøy og Johanne Øye Hoel frå Rustøy Overnatting AS.
Singerheimen ved Rustøy Overnatting AS vart kåra til Årets Nyskapar 2025 i Stryn kommune. Prisen vart delt ut under INNOM, der tre sterke kandidatar presenterte satsingane sine for publikum og jury.
Årets pris gjekk til Singerheimen ved Rustøy Overnatting AS, som dei siste åra har utvikla eit heilskapleg opplevingskonsept ved den historiske eigedomen i Olden. Bak satsinga står søskena Kristin Øye Rustøy, Harald Øye Rustøy og Johanne Øye Hoel, som gjennom målretta arbeid har skapt eit tilbod som kombinerer historie, kultur og gjesteopplevingar.
Vern gjennom bruk
Singerheimen vart bygd i 1921 av den amerikanske kunstnaren og mangemillionæren William Henry Singer jr. og kona Anna Brugh Singer. Gjennom åra i Olden sette ekteparet tydelege spor etter seg i lokalsamfunnet, mellom anna gjennom bidrag til vegbygging, kyrkje, sjukehus og kraftutbygging.
Eigedomen er i dag freda av Riksantikvaren og blir forvalta etter prinsippet «vern gjennom bruk». Nettopp dette ligg også til grunn for utviklinga av dagens aktivitet ved Singerheimen.
Eit konsept som treff publikum
Gjennom Rustøy Overnatting AS har søskena utvikla eit tilbod som omfattar mellom anna overnatting, arrangement, bed and breakfast og Afternoon Tea. Tilbakemeldingane frå gjestane har vore svært gode, og Singerheimen har utvikla seg til ein attraktiv møteplass for både tilreisande og lokalbefolkning.
At gjestar kjem langvegsfrå for å oppleve staden, høyre historia om Singerheimen og ta del i tilboda som er utvikla der, viser at konseptet treff publikum.
To sterke mednominerte
Også dei andre kandidatane representerer viktige og inspirerande satsingar i regionen.
Gjensyn Systove opna dørene i 2023 med fokus på gjenbruk, reparasjon og redesign av tekstilar. Verksemda er eit samarbeid mellom fleire lokale aktørar, og kombinerer berekraftig ressursbruk med sosial inkludering. Gjennom tilbod som systove, kurs og utvikling av nye produkt av restmateriale, har dagleg leiar Anndi Bergset skapt eit konsept som både tek tak i miljøutfordringar og gir nye møteplassar og moglegheiter for folk i lokalsamfunnet.
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har dei siste åra vore gjennom ei omfattande omstilling og konseptutvikling. Senteret har styrkt formidlinga av naturverdiar, kulturminne og historia om menneska som lever i og rundt brelandskapet. Samtidig har verksemda vist stor evne til å handtere utfordringar, mellom anna etter store skadar frå ekstremvêr, og har bygd opp att utstillingane og vidareutvikla tilbodet til publikum.
Kristin Øye Rustøy, Harald Øye Rustøy og Johanne Øye Hoel frå Rustøy Overnatting as, Anndi Bergset frå Gjensyn, og Wenche Nesje frå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter.
Heider til nyskaping i Stryn
Prisen Årets Nyskapar blir delt ut til verksemder som gjennom nytenking, utviklingsarbeid og målretta satsing bidreg til aktivitet og verdiskaping i Stryn.