Her& - “Alltid på”
Onsdag 12. februar var Salongen på Stryn Vertshus fylt av engasjement, refleksjon og ettertanke kring kva vi nyttar tida vår på. Nærare 40 personar hadde møtt opp for å høyre Sigrid Førde dele perspektiv på leiarskap, ansvar og det personlege motet som krevst når ein må stoppe opp og ta ansvar for kva ein nyttar tida si til.
Frå system til sjølvleiing
Sigrid Førde tok utgangspunkt i ei erkjenning mange kjenner på: Vi snakkar ofte om endring som noko ytre – nye planar, nye tiltak, nye mål. Men reell utvikling startar sjeldan i systemet. Ho startar hos den enkelte.
Gjennom presentasjonen peika Førde på samanhengen mellom:
• personleg ansvar
• bevisstheit om eigne verdiar
• evna til å stå i ubehag
• viljen til å ta val – også når dei kostar
Bodskapen var tydeleg: Skal vi få til endring rundt oss, må vi først vere villige til å sjå innover.
Motet til å stille dei rette spørsmåla
Sigrid utfordra også deltakarane direkte. Med øvinga «Kva med meg?», fekk publikum tid til å reflektere sjølve – å setje ord på eigne drivkrefter, ambisjonar og hindringar.
Spørsmåla handla mellom anna om:
• Kva er mi rolle?
• Kva tappar meg for energi?
• Kva gir meg energi?
• Kva bør eg gjere meir, og mindre av (og kva vil eg få igjen for det)?
Forventningsavklaring startar med deg sjølv
Eit gjennomgåande tema i foredraget var at det å ta leiinig for eigen timeplan ikkje først og fremst handlar om rolla ein har. Det handlar om forventingsavklaring til seg sjølv og andre, haldning og handling.
Førde utfordra ideen om at ansvar ligg hos «dei andre» – som vi trur har høge forventingar til oss. Ho peika i staden på krafta som ligg i å ta eigarskap til der ein står og endringane ein må gjere – sjølv om det kan vere kjipt å måtte velge vekk noko. Små, konkrete val i kvardagen kan vere starten på større rørsler, og meir tid til det som gir deg noko tilbake.
Leiing av eige liv vart slik skildra som noko som skjer i praksis:
• når vi tek samtalen vi eigentleg gruar oss til
• når vi seier frå
• når vi prioriterer det som betyr noko
• når vi står støtt i eigne verdiar
Eit rom for ettertanke
Foredraget var ikkje prega av store slagord eller enkle løysingar. Det var prega av refleksjon, alvor og ei tydeleg tru på at utvikling krev at vi er vakne kring vala vi tek.
Kombinasjonen av personlege historier og enkle verktøy å ta med seg heim, gjorde dette til ein kjekk kveld der vi også fekk snakka saman og spist god mat. Dei fleste kunne nok kjenne seg att i mange av historiane som vart delt – blant anna om det å vekse opp i ei tid der prestasjonskulturen var prega av overtid og status kring tidsklemma og hardt arbeid. Og sjølv om det kanskje har endra seg litt hos nye generasjonar, så var det også fleire som nikka då historien om skrolling på mobil medan ein prøver å lese ei bok, kom opp. Takk til Sigrid for mykje god refleksjon, vi gleder oss til neste her&!