INNOM – Lean og robotisering – eit kontinuerleg forbetringsarbeid
Knut Ove Rygg frå Ekornes.
Korleis arbeider ei moderne industribedrift systematisk med forbetring? På dette INNOM-arrangementet delte produksjonssjef Knut Ove Rygg frå Ekornes erfaringar frå Lean-arbeidet ved fabrikken på Grodås.
På INNOM fekk deltakarane eit innblikk i korleis Ekornes jobbar målretta med kontinuerleg forbetring i produksjonen. Rygg er produksjonssjef ved Ekornes-fabrikken på Grodås, der rundt 70 tilsette produserer trekomponentar til sofaer og stolar. Ein del av produksjonen går vidare til fabrikkane i Sykkylven, medan resten blir sendt til Ekornes sine fabrikkar i USA.
Tre sentrale verktøy
I Lean-arbeidet står tre element sentralt: målnedbryting, dagleg leiing og systematisk problemløysing. Mål blir brotne ned frå fabrikk-nivå til avdeling og vidare til kvart enkelt team. Gjennom daglege statusmøte får dei tilsette oversikt over korleis dei ligg an innan område som HMS, kvalitet og leveransar.
Status blir visualisert etter eit trafikklys-prinsipp, der grønt betyr at alt går etter planen, medan gult eller raudt signaliserer at noko må følgjast opp.
Når utfordringar oppstår, blir dei analyserte og følgde opp gjennom strukturert problemløysing. Målet er å identifisere årsakene og setje i verk tiltak raskt.
Rygg peika på at utfordringar i produksjonen også representerer eit potensial.
– Problema er eigentleg ei gullgruve. Når vi finn ut kva som ikkje fungerer, gir det oss ei moglegheit til å bli betre, forklarte han.
Ein viktig del av kulturen i Ekornes er nettopp at problem ikkje skal skjulast, men synleggjerast og løysast i fellesskap.
«Honndalstesten»
Under føredraget delte Rygg også eit døme frå kvardagen i Ekornes. Når ny emballasje blir utvikla, må ho tåle transport til kundar over heile verda.
For å teste dette blir emballasjen plassert fremst på ei tralle som går dagleg mellom Grodås og Sykkylven. Dersom emballasjen framleis er heil etter to veker med turar gjennom dalen, har ho bestått det Rygg spøkefullt kalla «Honndalstesten».
– Toler emballasjen turane gjennom Honndalen, då toler den stort sett transport kvar som helst i verda, sa Rygg.