Innom - Økonomien fram mot 2026: Elisabeth Holvik sitt blikk på risiko, drivkrefter og moglegheiter
Sjefsøkonom i Sparebank 1, Elisabeth Holvik
Sjeføkonom i SpareBank 1, Elisabeth Holvik, sto på plakaten då vi inviterte til årets siste INNOM. Med tydelege analysar og stor fagleg tyngde tok ho publikum med inn i eit komplekst, men høgst aktuelt bilete av den økonomiske tilstanden – både globalt og nasjonalt.
Holvik er ikkje redd for å ta sats i analysane sine. I innlegget peikte ho mellom anna på maktkampen mellom Kina og USA, korleis denne påverkar verdsøkonomien i dag, og kva konsekvensar det kan få framover. Ho var også innom kvifor ho meiner USA no opptrer slik dei gjer, og kva dette betyr i eit større økonomisk perspektiv.
Vidare retta Holvik blikket heim mot Noreg. Her løfta ho fram fleire utfordringar knytt til både skattepolitikk og rammevilkår for norsk næringsliv, og problematiserte korleis dagens prioriteringar påverkar vilje og evne til investering og utvikling.
Storstova var fullsett, og engasjementet i salen var tydeleg. Diskusjonane gjekk friskt – både i etterkant av innlegget og vidare utover dagen og kvelden – noko som understrekar kor relevant og engasjerande tematikken var for publikum.