INNOM - Digital Prepping og nye blikk på Strynefjellet
Fredag 28. november samla vi næringsliv, fagfolk og nysgjerrige stryningar til ei ny utgåve av INNOM – denne gongen med eit særleg relevant tema: digital beredskap. Samstundes fekk deltakarane eit innblikk i historia bak den nye boka Strynefjellseventyret.
Kor budd er vi – eigentleg?
Hovudinnlegget var ved Ole Martin Bøe, salssjef i Local Host. Han løfta eit viktig, men ofte oversett spørsmål: Kva gjer bedrifta di dersom dei digitale systema stoppar opp?
Vi er vande med at Microsoft 365, Teams, e-post og skylagring berre fungerer. Men Bøe peika på at norske bedrifter er sårbart knytt til store, amerikanske leverandørar – og at både geopolitikk, angrep på infrastruktur og brå prisendringar kan påverke kvardagen vår.
Han samanlikna digital beredskap med den fysiske naudsekken mange kjenner frå tradisjonell prepping: hovudlykt, varme og proviant.
– Men kva er den digitale naudsekken? spurde Bøe.
For å kome i gong delte han sju konkrete råd for betre digital beredskap:
Kartlegg kritiske system – kva er avgjerande for drifta?
Lag ein plan B for kommunikasjon – t.d. e-post og fildeling på europeiske plattformer.
Test alternative løysingar årleg.
Ha lokal kopi av kritiske data.
Vel løysingar med open standard.
Vurder hybridløysingar – dagleg drift i Microsoft, beredskap i t.d. Nextcloud.
Lag interne beredskapsrutinar – kven gjer kva?
Ole Martin Bøe, salssjef i Local Host
Meldinga var klar: Beredskap treng ikkje vere komplisert, men krev at ein startar – og held ved like.
Strynefjellet som kraft: Boklansering med blikk framover
Etter det faglege innlegget fekk vi eit historisk – men samtidig framoverretta – påfyll.
I samband med lanseringa av boka Strynefjellseventyret, delte Terje Bjerkan og Inge Fænn historier og refleksjonar frå arbeidet med boka.
Bjerkan understreka at prosjektet ikkje skulle verte «ei nostalgisk oppsummering for dei med grått hår», men eit utviklingsprosjekt med verdi for framtida. Historia frå Strynefjellet ber på ressursar, driv og initiativ som framleis kan inspirere nye satsingar.
Fænn tok tilhøyrarane gjennom sentrale vendepunkt heilt tilbake til 1937 – ei reise som òg synte korleis fjellet påverka utviklinga av Stryn som festival- og reiselivskommune.
Bjerkan peika særleg på moglegheitene for å ta tilbake noko av identiteten frå Strynefjellet i dagens arrangementsliv. Han viste til at Stryn allereie har ei rekkje populære festivalar og tilstellingar som naturleg nok handlar mykje om ompa og øl.
– Men det finst òg rom for å bygge noko som spring rett ut av arven frå fjellet, meinte Bjerkan. Han løfta fram både idrett, friluftsliv, elevbedrifter og lokalt næringsliv som moglege samarbeidspartnarar for å utvikle nye arrangement som speglar historia – og kan halde henne levande framover.
Terje Bjerkan
Takk for ein inspirerande morgon!
INNOM 28. november gav oss både eit spark bak i digitalt førebuingsarbeid – og eit lyft i form av historie, engasjement og framtidsblikk.
Takk til alle som møtte opp, stilte spørsmål og deltok i praten over kaffikoppen.
Vi gler oss alt til neste INNOM, som er 12. desember kl 08.00!