Bli kjent med – eit inspirerande innblikk hos Nomek og Nordfjord EDB
Fredag 14. november samla vi næringsliv og offentlege aktørar til ein ny runde av Bli kjent med – denne gongen med besøk hos Nomek og presentasjon frå Nordfjord EDB, før vi runda av med næringslivspub på Isehaug.
Det blei ein ettermiddag full av gode møte, ny innsikt og glimt av imponerande fagkompetanse frå to svært ulike, men like viktige bedrifter i Stryn.
Omvising og innblikk hos Nomek
Elias Loen guidet omvisninga hos Nomek.
Dagen starta hos Nomek, der deltakarane fekk ei grundig omvising og ei engasjerande presentasjon av bedrifta si historie, drift og planar for framtida.
Frå dei første åra som leverandør av panser og plater til Vest Karosseri, står Nomek i dag fram som ei stor og moderne industriverksemd med rundt 100 tilsette. Dei leverer alt frå:
teknikkhus og trafokioskar
totalpåbygg på lastebilar
utstyr innan avvatning, slam og sugebil
konsollar til kontrollpanel og skipsbruer
butikkinnreiing og metalldelar
robotisert plateproduksjon og avansert sveiseverksemd
— for å nemne noko.
I tillegg er Nomek ein sentral lærebedrift, med tett samarbeid med dei lokale vidaregåande skulane og Nordfjordkompaniet. Det gjer dei til ein viktig kompetansemotor i regionen.
“Takk for gode samtalar, engasjement og interesse for det vi skapar her,” skreiv Nomek etter besøket.
Nordfjord EDB: frå data til innsikt
Jan Eirik Heggdal og Andreas Can Atakan frå Nordfjord EDB.
På Isehaug fekk deltakarane møte Nordfjord EDB, ei mindre, men særleg spesialisert bedrift som utviklar tenester for samanstilling og visualisering av store datagrunnlag.
Dei jobbar mellom anna innan GIS-feltet, og viste fram korleis dei gjer komplekse data forståelege og nyttige gjennom kart, modeller og intuitive løysingar.
Det blei eit spennande fagleg innslag som viste breidda i næringslivet i Stryn – frå tung industri til avansert databehandling.
Næringslivspub og gode samtalar
Kvelden blei avslutta med næringslivspub, der praten gjekk lett og deltakarane fekk tid til å bli betre kjende på tvers av verksemder og fagområde.
Som ein av deltakarane oppsummerte:
“Med glidande overgang til næringslivspub går den trivelege praten vidare, og vi blir kjende med kvarandre.”
Takk for ein fin dag!
Vi i Mogleg vil takke Nomek, Nordfjord EDB og alle deltakarane for ein inspirerande og sosial ettermiddag.
Neste runde med Bli kjent med er alt under planlegging – vi gler oss!