Her& - “Frå bakst til business”

Ekte historier. Ekte inspirasjon – og ekte julebrød.

Då Mogleg inviterte til sesongens andre Her& i Lodgen, vart det ei kveld fylt med varme, refleksjon og ei heilt spesiell forteljing frå gründer Hilde Konstali – kvinna bak Konstali Surdeig.

 

Julebrød, kaffi og fellesskap

Stemninga var lun og uformell då dørene opna til Lodgen. Hilde hadde sjølv teke med julebrød frå bakeriet heime, og gjestene fekk nyte både bakst, kaffi og te medan praten gjekk lett rundt borda. Her& er ein stad for å samlast – og denne gongen handla det om å våge å følgje draumane sine.

 

Hilde Konstali-Lødemel

Ei reise frå barndomsdraum til levebrød

Hilde delte si inspirerande reise frå ein oppvekst der ho «vart tvinga til almennfag», til ho i dag står i eige bakeri og bakar opptil 30 brød om gongen.

«Eg enda opp med å bli den bakedama med skaut eg drømte om då eg var lita.», sa Hilde innledningvis, medan ho synte bilete frå instagram-kontoen sin der ho har mange følgjarar.

 

Det byrja med interessa for surdeig, men har sidan blitt til mykje meir. I dag har ho eit eige mikrobakeri i huset – og skrytte av familien si støtte og hjelp gjennom realisering av draumen. Dei delte rett og slett stova i to, installerte profesjonelt utstyr der ho no har to store bakarovnar. Dette gir Hilde kapasitet til å handtere etterspurnaden frå kundar som vil ha heimelaga brød laga med omtanke og eit blikk for detaljar.

 

 

– Våg å hoppe i det!

Gjennom kvelden snakka Hilde ærleg om kva som må til for å skape noko eige, og kva ein må vere villig til å gi slepp på. Med sterke sitat og oppfordringar som:

 

·      «Våg å hoppe i det utan at du veit kva som skal skje»

·      «Når ein lukker ei dør, opnar det seg så mange nye»

 

…løfta ho samtalen frå det praktiske til det personlege. For mange i salen traff orda blink, og er ei påminning om at utvikling skjer når vi vågar å handle, sjølv utan ein full plan.

 

Skap det livet du ønskjer å leve

Bodskapen til Hilde var like enkel som den var viktig: «Skap det livet du ønskjer å leve.»

Hilde snakkar av erfaring, har teke eigne val, bygd opp noko steg for steg, og jobbar no mot å kunne leve heilt og fullt av surdeigsbakeriet sitt. Ei historie som inspirerer – og beviser at lidenskap kan bli til levebrød.

 

Her& held fram

Avslutningsvis tok Jenny Staalnacke frå Mogleg ordet og takka for frammøtet:

– Tusen takk til alle som kom og gjorde kvelden så spesiell. Her& fortset, og snart kjem vi med ein heilheitleg plan for året. Det er mykje å glede seg til.

 

Følg med for fleire arrangement – og følg gjerne Kvinnepuls her : https://www.facebook.com/Kvinnepuls

Neste
Neste

INNOM - Frå perm til skjerm: Gyldendal si digitale reise– med innsikt frå Kjartan Dannatt