Innom - Det store bildet og dei små stega.

På Innom fredag 29. mai delte Anders Endre Nybø, styreleiar i UMOE Mandal og industriell rådgjevar for UMOE, erfaringar frå om lag 30 år med omstilling i over ti bedrifter — frå McKinsey og Lindorff til Umoe Mandal og fleire gründerbedrifter.

Foredraget kretsa rundt eit trekløver han har jobba mykje med: strategi, omstilling og leiing. Tre felt som heng tett saman, og som ein leiar må arbeide med parallelt for at endring skal feste seg. Nybø tok oss gjennom korleis ein leiar kan kome seg frå innsikt i løpet av dei første 14 dagane, til ekspedisjon i gang i løpet av 14 veker, og reell endring i løpet av 14 månader — alt med konkrete grep og syretestar undervegs.

Anders Endre Nybø

Det som gjorde foredraget særleg verdifullt var openheita rundt det vanskelege — kva som faktisk er mest krevjande i ein omstillingsprosess, og kor einsam ei leiarrolle kan vere når det stormar som verst. Han delte sjenerøst både frå suksessane og frå dei tøffaste augneblikka, og illustrerte poenga med konkrete case frå Lindorff, Schat-Harding, Umoe Mandal, Umoe Advanced Composites og Faun-gruppen.

Nokre av prinsippa han kom tilbake til fleire gonger: Prioriter kundane og golvet først, direktørane sist. Vel eitt eller to område du som leiar er kompromissløs på — og ver fleksibel på alt anna. Ikkje ta deg sjølv så høgtideleg. Og kanskje viktigast av alt: ikkje gi opp.

Frå Blakset til Grammy-scena

Etter Nybø sitt foredrag tok Rob "Swede" Curti ordet og delte si eiga historie — ein heilt annan, men like fengande, kontrast til den industrielle omstillingsverda.

Rob “Swede” Curti

Curti fortalde om ein tidleg musikkinteresse som etter kvart leidde han inn på vegen som låtskrivar og produsent. Først jobba han mot det russiske marknaden, men han fann fort ut at det ikkje var den vegen han ville gå. Draumen var å jobbe mot amerikansk hiphop — så han flytta dit, utan å kjenne nokon eller ha konkrete prosjekt å gå til.

Han brukte mykje tid på å bygge nettverk, fekk etter kvart base i Miami, og klarte å skape eit unikt sound som opna dørene til nokre av dei største stjernene i amerikansk hiphop.

Etter ein periode i Miami ønskte familien å kome nærmare Norden, og ved ein liten tilfeldigheit fann dei ein gard til sals på Blakset. Stryn kunne gi familien natur, ro og eit anna miljø — og det vart utslagsgjevande.

I dag produserer han musikk frå Blakset, men reiser også ein del for å halde kontakt med nettverket. Som han sjølv peika på: artistar kan i dag lage musikk kvar som helst — på hotellrom eller ombord på tourbussar — så å vere fysisk tilstade er mindre kritisk enn før. Han fortalde også om livet i Miami, der det ikkje var uvanleg å bli vekt klokka to om natta med beskjed om å kome i studio og jobbe gjennom natta og morgonen. Den typen netter…. Det slepp han no når han bor på Blakset.

Curti og Nybø — to heilt ulike karrierevegar, men begge historiene handlar om å våge å ta val, bygge noko frå grunnen, og halde ut.

Neste
Neste

Fagdag opna dører til arbeidslivet