Fagdag opna dører til arbeidslivet
12. mai arrangerte koordinator for skule og næringsliv i Mogleg, Torstein Tvinnereim, fagdag for 9. klasse ved Stryn ungdomsskule, Olden skule og Hornindal skule i samarbeid med rådgjevarane på skulane og næringslivet.
Elevane fekk velje om dei ville gjere seg betre kjent med helse og oppvekst, TIF (mekaniske fag) og elektro, byggfag eller jobbar som krev høgare utdanning gjennom studiespesialiserande.
Ei rekkje bedrifter, samt Stryn kommune, stilte opp for å gje elevane best mogleg innblikk. Dette er ein dag der elevane først og fremst besøkjer arbeidsplassane. Nokre stader får dei høyre om kva som er arbeidsoppgåvene, medan dei andre stader også får prøve seg litt praktisk.
I år var det 95 elevar som var rundt på besøk. Tilbakemeldingane frå både elevar, lærarar og arbeidsplassar var gode i etterkant. Ein viktig dag for å gjere seg kjent med ein del av dei moglegheitene som finst etter enda utdanning, og ein viktig ballast for å kunne gjere betre val når ein skal søkje seg inn på vidaregåande utdanning.
Takk til Stryn kommune ved administrasjon, helse, Tonning barnehage og utetenesta, Pretre, Nordfjordhus, Hagen AS, Firda Billag, Nomek, Vendanor, Tussa Installasjon, Stryn Bilverkstad, ambulansen, Tell, Fjordingen, Stryn Lodge og Reach Subsea som bidrog til å gjere dette MOGLEG!