INNOM — Gode løysingar på krevande fråvær

Sturla Dalhaug fra Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Fredag 26. juni samla Innom ein stor og interessert gjeng til ei aktuell frukostsamling om dei vanskelege sjukefråværssakene.

Sjukefråvær er ei utfordring som rammar både den enkelte, arbeidsplassen og samfunnet. Langvarige og samansette saker krev tett oppfølging, klare prosessar og god dialog mellom arbeidsgjevar, arbeidstakar, helsepersonell og NAV. Å handtere dette godt er ikkje berre eit juridisk spørsmål — det handlar om å ta vare på folk, om å bygge robuste arbeidsplassar, og om å gi den enkelte best mogleg sjanse til å kome tilbake i jobb.

Juridisk innsikt frå Øverbø Gjørtz

Advokatane Anja Lange og Sturla Dalhaug frå Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz tok forsamlinga gjennom ei brei agenda: sjukefråværsoppfølging, arbeidsgjevars tilretteleggingsplikt, arbeidstakars medverknadsplikt, og når oppseiing kan vere sakleg grunngjeven ved sjukefråvær. Dei gjekk også gjennom dei nye krava til psykososialt arbeidsmiljø som gjeld frå 1. januar 2026, og forslaga til nye reglar ved sjukefråvær som har vore på høyring.

Advokatane viste til ei rekkje sentrale dommar frå norske domstolar, og delte praktiske råd om alt frå dokumentasjon og oppfølging til vanlege fallgruver — som for sein kontakt, manglande tilretteleggingsvurdering og passiv venting på full friskmelding.

Sturla Dalhaug og Anja Lange frå Advokatfirmaet Øverbø Gjertz

Ferske tal frå NAV Nordfjord

Avdelingsleiar Kari Tonning frå NAV Nordfjord presenterte ferske tal som viser at Stryn hadde det femte høgste sjukefråværet i Vestland i første kvartal. Tala understrekar kor viktig det er å jobbe systematisk og førebyggjande for å styrke nærvær og redusere sjukefråvær.

HelseIArbeid — kunnskap som verktøy

Reidun Eggesbø ved NAV Arbeidslivssenter Vestland presenterte HelseIArbeid, eit samarbeid mellom NAV og helsetenesta som hjelper bedrifter med å førebyggje og handtere vanlege helseplager på arbeidsplassen.

Ho minte oss om at psykiske lidingar og muskel- og skjelettplager utgjer størsteparten av sjukefråværet i Noreg, og at desse i mange tilfelle er foreinlege med å stå i jobb. Gjennom auka kunnskap blir det enklare å leve med helseplager og fungere betre i arbeidslivet.

HelseIArbeid byggjer på tre element: lynkurs, ein digital kunnskapspakke, og samarbeid med lokalt helseføretak. Målet er å auke kunnskap om vanlege helseplager, styrke arbeidsmiljøet, og gjere arbeidsplassen betre rusta til å førebyggje sjukefråvær og inkludere tilsette med helseplager.

Kari Tonning frå NAV Nordfjord og Reidun Eggesbø frå NAV Arbeidslivssenter Vestland

Det vart ein tankevekkande morgon, med tema som angår mange. Takk til Anja Lange, Sturla Dalhaug, Kari Tonning og Reidun Eggesbø for solide og lærerike innlegg — og takk til alle som kom innom!

Forrige
Forrige

Sommarjobb - Opplev! Stryn

Neste
Neste

Innom - Det store bildet og dei små stega.