Sommarjobb - Opplev! Stryn
I sommar har vi to dyktige designstudentar frå NTNU med oss i arbeidet med å vidareutvikle Opplev! Stryn( https://www.opplevstryn.no).
Emma Ditaranto frå Trondheim studerer industriell design og har allereie ei brei verktøykasse med seg innanfor UX og tjenestedesign. Ho har og vore aktiv i teatermiljøet på Studentersamfundet i Trondheim.
Stella Kolstad frå Oslo er også i gong med industriell design på NTNU. Ho har bakgrunn frå blant anna eit utvekslingsår i Berlin og eit imponerande engasjement i studentmiljøet i Trondheim, der ho vare vore ansvarlig for lys- og sceneteknikk for Studentersamfundet.
Saman skal dei to jobbe med å utvide og forbetre Opplev! Stryn. Vi gler oss til å sjå kva dei får til, og er glade for å ha dei med oss.
Velkommen til Stryn, Emma og Stella!