INNOM - På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern og forventningar?

«På leit etter handlingsrommet» var tema då Innom samla eit engasjert publikum fredag 28. august.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Stryn kommune, Jan Flore, tok føre seg planarbeidet i kommunen: kva som gjer prosessane tunge, og kvar handlingsrommet eigentleg ligg. Han peika på at Stryn ikkje manglar vilje – kommunen har innbyggjarar som ønskjer å investere, byggje, flytte heim, bu i grendene og skape arbeidsplassar.

Jan Flore, kommunalsjef sammfunnsutvikling

Samstundes fortalde Flore om ei avdeling i oppbygging, med noko vakanse og sjukefråvær, og fleire nytilsette som treng tid til å bli trygge i jobben. Stadig fleire omsyn og interesser skal vegast mot kvarandre i kvar einskild sak, og saksmengda er stor i forhold til kapasiteten.

Bustad, næring, natur, jordvern og friluftsliv konkurrerer ofte om dei same areala, og det er langt frå berre kommunen som har noko å seie i slike saker – Statsforvaltar, fylkeskommune, NVE og innbyggjarane sjølve er alle med i biletet. Flore var tydeleg på at handlingsrommet ikkje kjem av seg sjølv, men må skapast i lag, og at kommunen no jobbar for å kome seg meir frampå i planarbeidet.

Takk til Jan Flore for å dele både utfordringane og moglegheitene i planarbeidet til kommunen.

Neste Innom er fredag 25. september, så hald av datoen allereie no.

Neste
Neste

Sommarjobb - Opplev! Stryn