Hunt The Wilds vann Verdipitch 2026

Hans Markus Hjelle og Espen Berstad frå Hunt The Wilds

Viltkjøtt, restitusjon og ein digital guide til Stryn. Tre gründarar sto på scena på Strynemessa, og alle tre gjekk heim med premie.

Fredag kveld var det klart for den andre kåringa av Verdipitch, ein konkurranse for gründarar og næringsutviklarar i regionen. Mogleg står bak konkurransen saman med SpareBank 1 SMN. Og vinnaren vart Hunt The Wilds.

Samarbeid gir meir

Før vi møtte finalistane, snakka Mogleg om kor viktig samarbeid er. Gode idéar blir sjeldan til åleine. Dei veks når fleire spelar på lag, og når vi deler i staden for å halde igjen. Når sjøen stig, løftar han alle båtane.

Så viste vi filmen vår om gründerånda i Stryn, om folka som tør å prøve, feile og prøve igjen.

Tre finalistar, tre premiar

🥇 1. plass: Hunt The Wilds – Hans Markus H Hjelle
35 000 kroner til ein lokal verdikjede for viltkjøtt, frå mottak og slakting til ferdig kjøtt på bordet.

🥈 2. plass: Stryneguiden – Klara Bergem Bøe
15 000 kroner til ein digital guide som gjer det enklare å få med seg alt som skjer i Stryn.

🥉 3. plass: Peak Recovery – Nicolai Sande
3 000 kroner til eit framtidig senter for moderne restitusjon.

Beate Kjøde frå Sparebank 1 SMN, Espen Berstad og Hans Markus Hjelle frå Hunt The Wilds, Mathias Sønsterudbråten-Skåden på vegne av Klara Bergem Bø og Stryneguiden, Nicolai Mork Sande frå Peak Recovery, Jon Idar Valaker frå Sparebank 1 SMN, og Jenny Staalnacke frå Mogleg

Dette la juryen vekt på

Juryen vurderte idéane etter gjennomførbarheit, innovasjonsgrad og løysing, og berekraft. Beate Kjøde, leiar for SpareBank 1 SMN i Stryn, las grunngjevinga.

Hunt The Wilds tek betre vare på ein ressurs vi har mykje av, nemleg viltet. Med ein lokal verdikjede blir meir av verdien verande i bygda. Selskapet er etablert og står like før oppstart.

Stryneguiden gjer det enklare å få med seg kva som skjer i Stryn. Det gir meir aktivitet, og bedriftene får endå ein stad å vise seg fram.

Peak Recovery fekk ros for eit gjennomarbeidd konsept og ein ung gründar med ein realistisk og langsiktig plan.

Juryen oppsummerte det slik: Felles for alle tre er at dei ser moglegheiter i det vi har her, og vil skape meir verdi og aktivitet lokalt.

Døra vår står open

Alle tre finalistane fekk tilbod om rådgjeving frå Mogleg, og vi gler oss til å følgje dei vidare. Takk til juryen, til SpareBank 1 SMN og til alle som sende inn idéar. Det krev mot å vise fram noko ein brenn for.

Går du med ein idé i magen? Ta kontakt med oss. Kanskje er det du som står på scena neste år.

Christer, Jenny, Torstein og Maria i frå Mogleg

Neste
Neste

INNOM - På leit etter handlingsrommet — korleis utviklar vi Stryn i møtet mellom vekst, vern og forventningar?