Bli Kjent Med - Raudemel Miljøpark og Ekornes

Fredag 20.november var Bli Kjent Med lagt til Hornindal. Her fekk knappe 40 personar vere med på ei imponerande reise i satsing og utvikling. 

Kristian Sandbakk

Fyrst på Raudemel industriområde, der seriegründer Kristian Sandbakk tok imot oss på Raudemel Miljøpark.  Han viste og fortalde om deira satsing som var tett kopla til biogassnalegget vi fekk sjå etterpå. Vest Biogass var imponerande. Kapasitet på 150000 tonn biomasse per år. Ei invistering på 600 millionar kroner. 

Enorme dimensjonar og ei fantastisk satsing som, når det kjem i full drift, vil gje eit stort tilskot til både energiproduksjon og ikkje minst betre utnytting av både avfall frå fiskeindustri, hushaldningsavfall og husdyrgjødsel. Kjekt med at ein av gründerane, Kristina Sandbakk Lunde, viste oss rundt. 

Kristina Sandbakk Lunde

Vidare gjekk turen til Ekornes der Knut Ove Rygg og Bruce Faulk tok imot. Ei spanande reise i korleis ein på ein fabrikk i Hornindal kan gjere seg konkurransedyktige ved hjelp av gode prosessar, leanprinsipp og ikkje minst robotisering. 

Bruce Faulk og Knut Ove Rygg

Ekornes har fabrikkar både i Norge, Asia og USA. Rygg kunne fortelje om korleis nye kinesiske eigarar var kome inn og utfordra dei på både korleis og kva dei skulle lage. For mange var det nok og nytt at Norges mest selde spisestuebord var laga på fabrikken. 

Korleis dei sjølve bygde opp sine robotar, var også spanande å sjå og høyre om. Å få lov å gå rundt med ein så entusiastisk guide som Bruce, var i seg sjølv ei oppleving. Her snakka vi verkeleg å ha eit brennande engasjement og hjarte for sin eigen arbeidsplass!

Til slutt var det næringslivspub med Olav Reidar og Connie. God pizza og gode diskusjonar over eit glas eller to, før turen gjekk heim med buss frå Olden Cruise.

Neste
Neste

Hunt The Wilds vann Verdipitch 2026