GJER DET MOGLEG
GJER DET MOGLEG
Det er din tur.
Til å setje di bedrift på kartet.
Vi liker å halde det enkelt og engasjere oss på ekte.
Først då får ein resultat å prate om.
Om det er mogleg?
Sjølvsagt. Vi gjer det.
-
JENNY STAALNACKE
DAGLEG LEIAR & KREATIV STRATEG
Hei!
Mi erfaring skriv seg frå over 15 år i reklamebransjen, der eg blant anna har hjelpt merkevarer som Interoptik, Power, Montér, Jernbanedirektoratet, Nidarosdomen, Forbrukerrådet, Disney og Microsoft med kommunikasjon.
Sidan eg flytta til Vestland i 2020, har eg holdt over 100 workshoper for lokale bedrifter, og dekka alt frå treningssenter til bakeri, reiseliv og industri. Kanskje eg er så heldig å få hjelpe deg neste gong?
-
TORSTEIN TVINNEREIM
RÅDGJEVAR & KOORDINATOR
Hei!
Eg har jobba i det som var tidlegare Stryn Næringshage i over 10 år, er politikar og lærar i tillegg til skule- og næringslivkoordinator. Dette har blant anna vore startgropa til det du kanskje kjenner som Nordfjordkompaniet.
Eg har skrive fleire musikalar og teaterstykke, blant anna Ull innerst i sjela , for Gamle Innvik Ullvarefabrikk der eg no også har ei deltidsstilling. Eg er veldig god på å kople skule og næringsliv, og arrangerer også Stryn Visefestival ein gong i året. Har du også mange jarn i elden? Ta kontakt!
-
CHRISTER SOLBERG
DIGITAL MARKNADSFØRER & RÅDGJEVAR
Hei!
Etter å ha jobba som profesjonell fotograf i mange år, tok eg ei utdanning innan digital kommunikasjon. Med interesse og kompetanse innan bilete og godt innhald, har eg arbeidd mykje med å kartlegge og forbetre digitale opplevingar og resultat for mange bedrifter i Vestland.
Anten det gjeld å få merksemd digitalt, eller å bli ekstra god i sosiale medier, så er eg han du bør prate med!
Kan di bedrift bli betre på det digitale? Ta kontakt, så kan vi starte med ei kjapp analyse.