VerdiPitch sette gründerlyst på dagsorden under Strynemessa
Strynemessa vart i år ei samlingsplass for både innovatørar, gründerar – og dei aller minste. Gjennom Verdipitch, arrangert i samarbeid mellom Mogleg og SpareBank 1 SMN, fekk publikum sjå korleis lokale idear kan utviklast til levedyktige prosjekt med verdi for heile lokalsamfunnet.
Eit sceneshow med entreprenørskap i fokus
Jenny Staalnacke frå Mogleg opna scena med å utfordre publikum: «Veit nokon her kva entreprenør og gründer eigentleg er?» Ho minna om at dette ikkje berre er titlar, men ein måte å handle på – anten ein sel kaker i nabolaget eller investerer vekepengar i ein hobby. Gjennom konkurransen hadde Mogleg og SpareBank 1 SMN fått inn fleire kreative bidrag, alle med fellestrekk: vilje til å løyse problem, skape verdiar og tenke berekraft.
Vinnaren Christopher Garlid Storaker vart intervjua på scena kring entreprenørskap. På scena frå Sparebank 1 SMN var banksjef Beate Kjøde Kandal og Monika Rebbestad Barstad.
Juryen si avgjerd – ein sykkelidé med kraft
Banksjef Beate Kjøde Kandal presenterte juryens vurdering og løfta fram ein idé med stort potensial: profesjonell verkstad for reparasjon og vedlikehald av syklar. Med stadig fleire kostbare syklar, både elektriske og manuelle, ser juryen eit aukande behov for nettopp denne typen tenester.
Vinnaren av årets Verdipitch vart Christopher Garlid Storaker med prosjektet Sykkeltid. Han stakk av med 50.000 kroner i utviklingskapital, og har allereie kome langt med planane om å etablere verksemda. Juryen trur satsinga kan bli både skalerbar og skape fleire arbeidsplassar i regionen.
Fornøgd vinnar av Verdipitch 2025, saman med banksjef Beate Kjøde Kandal og Monika Rebbestad Barstad frå Sparebank 1 SMN.
SpareBank 1 SMN skapte engasjement for dei yngste
På messa var det ikkje berre gründerar i vaksen alder som fekk fokus. SpareBank 1 SMN stilte med eigen stand der borna kunne delta i teiknekonkurranse. Med fargestiftar i handa fekk dei unge messadeltakarane bidra med kreative idear – og ikkje minst få sjansen til å vinne karusellbillettar. Tiltaket gjorde at mange små ivrige teiknarar var innom standen, og Sparebank1 SMN og Mogleg fekk gitt alle ein smakebit på kreativitet, idéutvikling og gründerskap.
Mange barn og unge var innom standen til Sparebank1 SMN på messa for å teikne gode idéar.
Ein inspirasjon for framtida
Verdipitch har synt seg som ein viktig arena der lokale initiativ får løft og anerkjenning. Ved å kombinere profesjonalitet, kreativitet og brei deltaking – med alt frå alt frå lokale gründerar til barn med idébidrag – vart Strynemessa i år ein ekte møteplass for framtidstru.
Neste år håpar vi på å få til ein ny runde, og arrangørane oppmodar alle med spirande idear om å allereie no starte å tenke på deltaking. For kanskje sit nettopp neste års vinnar akkurat no og ruvar på ein idé som kan bli til verdiskaping i Stryn og langt utover i regionen.