INNOM: Frå idé til vekst – Innovasjon Norge delte innsikt på Innom

På frukostmøtet Innom i Stryn 26. september delte Jørgen Berg frå Innovasjon Norge Vestland kva som avgjer når nye prosjekt skal vurderast – og korleis dei kan følgje bedrifter heile vegen frå oppstart til internasjonal satsing.

Tre nøkkelfaktorar

Kva skal til for at ein god idé blir til ei vekstbedrift? Det spørsmålet stilte Jørgen Berg då han møtte næringslivet i Stryn. Svaret hans var klart: det handlar ikkje berre om sjølve idéen – men om menneska bak, nyheitsverdien og om prosjektet faktisk kan bli kommersielt berekraftig.

– Vi er opptekne av at ein skal gjere bedrift ut av det, ikkje berre sitje igjen med ein god tanke på eit papir, understreka Berg.

Frå idé til rett verkemiddel

Han oppmoda deltakarane til å ikkje henge seg opp i dei ulike støtteordningane. – Kladd ned idéen og send den inn. Vår jobb er å finne ut kva som passar best, ut frå kor prosjektet står og kva marknad det rettar seg mot.

Gjennom presentasjonen fekk deltakarane sjå kor breitt Innovasjon Norge kan bidra – frå oppstartstilskot i tidleg fase til lån og vekstgarantiar når bedrifta er klar til å satse vidare.

Meir enn pengar

Innovasjon Norge er ikkje berre ein kapitalkjelde. Dei tilbyr kurs, mentorordningar og rådgjeving innan alt frå eksport og immaterielle rettar til kapitalstrategi. Den nye satsinga Krafttak for kapitalstrategi skal til dømes gjere gründarar betre rusta til å møte investorar.

– Altfor mange har vore for dårleg førebudde, og då risikerer dei å miste moglegheita for viktig kapital, forklarte Berg.

Når ambisjonane er internasjonale

For bedrifter med blikket retta utover, kan Innovasjon Norge sine meir enn tjue utekontor vere ein nøkkelressurs. – Mange tek for lett på det å gå inn i nye marknader. Du treng ikkje reise lenger enn til Sverige før du møter heilt andre forretningskulturar. Difor bør ein bruke kompetansen til rådgjevarane våre ute i verda, var rådet hans.

Stryn-bedrifta Vendanor er eit godt døme. Dei har hatt stor nytte av oppfølging frå Innovasjon Norge sitt kontor i München. – Det har vore fantastisk bra for oss. Dei stilte til og med på messe saman med oss, fortalde dagleg leiar Sverre Magne Haugen.

Gründerar og etablerte bedrifter

Berg minte også om at Innovasjon Norge ikkje berre jobbar med heilt ferske gründerar. – Vi er like mykje i dialog med etablerte bedrifter som har nye idear. Men vi kan ikkje gå inn dersom prosjektet blir konkurransevridande. Difor er innovasjonsgrad og nyheitsverdi heilt avgjerande.

Frå idé til marknad

Frukostmøtet i Stryn synte korleis Innovasjon Norge kan vere ein støttespelar gjennom heile reisa – frå skisse på eit papir til vekst i nye marknader. Bodskapen frå Jørgen Berg var klar: det er kombinasjonen av idé, folk og gjennomføringsevne som avgjer om prosjektet blir ein suksess.










Neste
Neste

INNOM: Bustadplan og tilflytting i Stryn