INNOM: Bustadplan og tilflytting i Stryn

Fredag 30. august samla Mogleg igjen næringsliv, kommune og samfunnsaktørar til INNOM – frukostmøtet med substans. Denne gongen stod bustadpolitikk og tilflytting i fokus, med innlegg frå Stryn kommune og Nordfjordkompaniet.

Ein bustadpolitisk plan for framtida

Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Stryn, Steinar Nesdal, presenterte kommunen sin komande bustadpolitiske handlingsplan – eit arbeid som vil få stor betydning for rekruttering, bulyst og framtidige behov i heile kommunen.
– Dette er ein spennande plan, og ikkje så tørr som den høyrest ut til, sa Nesdal.

Planen peikar særleg på tre viktige utfordringar:

  • Airbnb og korttidsutleige: Mange bueiningar blir leigd ut på korttidsbasis, noko som gjer det vanskeleg for fastbuande og nye tilsette å finne bustad. Nokre verksemder har allereie mista søkarar og tilsette på grunn av dette. Kommunen vurderer difor reglar for å sikre fleire heilårsbustadar.

  • Aldrande befolkning: Talet på innbyggarar over 80 år vil truleg doblast innan 2050. Det gir nye krav til bustadar som er tilrettelagde for eldre, til sentrumsnære bufellesskap og til omsorgsbustadar i nærleiken av omsorgssentera.

  • Variert bustadmarknad: Stryn har få brukte og nye bustadar til sals samanlikna med nabokommunar. Planen legg difor opp til eit større mangfald av bustadar – frå sosiale bustadar til bustadar som passar ulike livsfasar – for å sikre både rekruttering og livskvalitet.

Steinar Nesdal, Kommunalsjef for samfunnsutvikling i Stryn

– Stryn skal vere ein god stad å bu heile livet, oppsummerte Nesdal.

Tilflytting krev bustadar

I andre del av møtet delte Anders Lødemel frå Nordfjordkompaniet sine erfaringar med rekruttering og bulyst.
– Mange vil til Stryn, men vi opplever at det skal relativt lite til for at folk ikkje kjem hit likevel, sa Lødemel.

Nordfjordkompaniet har hjelpt over 100 personar inn i jobb i Nordfjord – 25 hittil i år – men ser at bustadtilbodet ofte blir ei flaskehals. I sine innspel til kommunen peikar dei særleg på behovet for:

  • Utleigebustadar for unge arbeidstakarar, lærlingar og studentar

  • Rimelege førstegongsbustadar

  • Moglegheita til å «prøvebu» i Stryn

  • Sentrumsnære bustadar for unge og familiar

Lødemel viste også til Bremanger kommune, som har tatt i bruk bustadtilskot, gratis barnehage og nedskriving av studielån som aktive verkemiddel for å tiltrekke seg nye innbyggarar.

Anders Lødemel, Nordfjordkomapniet

Samarbeid for bulyst

Både Stryn kommune og Nordfjordkompaniet er tydelege på at bustadpolitikk heng tett saman med tilflytting, arbeidsplassar og samfunnsutvikling. For å lykkast må ein tenke heilskapleg – og legge til rette for at Stryn skal vere ein god stad å bu, heile livet.

_________________________________________________________________________

INNOM samlar næringsliv, det offentlege og engasjerte aktørar rundt same bord – og gir rom for nye perspektiv og konkrete innspel til vidare utvikling.

💡 Det er nettopp dette INNOM handlar om: korte, kraftfulle møtepunkt der vi deler kunnskap, bygger relasjonar og finn inspirasjon til handling.

Følg med – neste INNOM er rett rundt hjørnet. Kanskje er det nettopp der du får idéen eller kontakten som gir deg fart vidare?

Forrige
Forrige

INNOM: Frå idé til vekst – Innovasjon Norge delte innsikt på Innom

Neste
Neste

INNOM: Strynsk ja-kultur, kreativ galskap og historier som inspirerer.