Komande arrangement
-

Program Haust 2026
Her finn du alt som skjer i regi av Mogleg denne hausten og vinteren!
Vi tilbyr ei rekke faste møteplassar opne for alle som er interesserte – frå frukostmøta på Innom og dei personlege historiene på her&, til bedriftsbesøk gjennom Bli kjent med.
I tillegg lanserer vi to nye konsept: Passe Snevert, der vi deler konkrete tips og triks, og Mogleg Best Praksis, der lokale bedrifter fortel om vegen til suksess.
Sjå heile programmet under, og sett av datoane som passar for deg!
-

Passe Snevert - Mappestruktur
Dei fleste har ei mappe dei helst ikkje vil opne: Skrivebordet. Nedlastingar. Eller «Diverse», som berre veks og veks.
Onsdag 19. august inviterer Mogleg til det aller første Passe Snevert.
Temaet er noko dei fleste kjenner seg igjen i: mappestruktur og filorganisering.
Foredragshaldar er Christer Lunde Solberg frå Mogleg. Som fotograf har han bygd opp eit stort og omfattande biletarkiv som han må kunne manøvrere i med enkelheit. Det har gjeve han eit system han stolar blindt på – og som han no deler vidare, uavhengig av kva slags filer du sjølv jobbar med.
Å lagre filer er enkelt. Utfordringa kjem når du skal finne dei igjen.
I dette foredraget deler Christer enkle prinsipp for korleis du kan byggje eit system som fungerer i kvardagen. Du får vite korleis du kan designe mappestrukturen slik at sortering skjer nesten av seg sjølv, kvifor eit godt nok system du faktisk brukar er betre enn eit perfekt system du gir opp, og korleis du kjem i gang – sjølv om du allereie har mange år med rotete filer.
Passe Snevert er ein ny møteplass frå Mogleg. Her møter du folk som kan mykje om noko heilt spesielt – og som viser korleis den kunnskapen kan vere nyttig utover sitt eige fagfelt.
Tid: Onsdag 19. august, kl. 09.00–09.45
Stad: Digitalt på Teams
Foredragshaldar: Christer Lunde Solberg frå MoglegMeld deg på – og gjer det litt enklare å finne det du leitar etter.
INNOM: Frå idé til vekst – Innovasjon Norge delte innsikt på Innom
Kva ser Innovasjon Norge etter når nye prosjekt skal vurderast? På frukostmøtet INNOM i Stryn delte rådgjevar Jørgen Berg kva som er avgjerande for å lukkast – og korleis Innovasjon Norge kan følgje bedrifter frå ei enkel idé til vekst i nye marknader.
INNOM: Bustadplan og tilflytting i Stryn
Frå Airbnb-utfordringar til førstegongsbustadar og bulyst: På INNOM fekk vi høyre kva som skal til for å lokke fleire til Stryn – og få dei til å bli.
INNOM: Strynsk ja-kultur, kreativ galskap og historier som inspirerer.
Simen Staalnacke tok turen til INNOM i Stryn for å dele frå sitt fargerike gründerliv – frå Moods of Norway-eventyret til nye kreative prosjekt. Ein morgon full av humor, læring og strynsk ja-kultur.
INNOM: Frå idé til vekst - Slik kan samarbeid og sterke team drive innovasjon i Stryn.
Innovasjon skjer ikkje i vakuum – det blir skapt i møte mellom folk, idear og ressursar. På INNOM delte Bram Timmermanns korleis samarbeid kan gi vekst i Stryn.
Faste arrangement
-

INNOM
Fast frukostseminar med fagleg påfyll på Stryn VGS den siste fredagen kvar månad. Lett servering, nytrakta kaffe, gratis og utan påmelding.
Neste INNOM er den 29.august kl.08:00
på Stryn Vidaregåande skule.
-

BLI KJENT MED
Bli med på bedriftsbesøk, og avslutt med næringslivspub! “Bli kjent med” er ein populær arena for nettverking mellom bedriftene.
Neste bli kjent med er i november 2025.
-

MOGLEG BEST PRAKSIS – UNDER LANSERING
Ein Teams-møteplass der vi ein gong i månaden får høyre suksesshistoriene til bedrifter som har lukkast med sine utfordringar.
-

HER&
Ein treffstad der kvinnene har ordet – og delar av sin kompetanse.
Ope for alle, utan påmelding og heilt gratis.
Neste her& blir i november, på Stryn Vertshus.
-

KVINNEPULS
Årleg, populært arrangement med fokus på kvinnehelse, fylt med foredrag ein både kan lære og bli inspirert av.
Neste Kvinnepuls blir 7. og 8.mars 2026!
-

RÅDGJEVARRUNDE OG KARRIEREDAG
Gjennom skulekoordinatorstillinga, jobbar vi kontinuerleg med å arrangere møteplassar der elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule får eit godt møte med næringslivet og omvendt.
Følg med i sosiale medier for detaljar, eller kontakt Torstein dersom du vil bli ein del av dette nettverket.