Årets Nyskapar 2025
Under eit arrangement på INNOM 12. desember vart dei nominerte til Årets Nyskapar 2025 presenterte. Nominasjonen fann stad i regi av Mogleg og Stryn Næringssamskipnad.
Prisen Årets Nyskapar har lange tradisjonar i Stryn og blir delt ut til aktørar som har vist særleg evne til nyskaping, kreativitet og gjennomføringsevne. Vidareutvikling av eksisterande verksemd blir vektlagt like høgt som etablering av nye konsept, og dei nominerte kjenneteiknast av vilje og mot til å realisere og kommersialisere gode idear .