1. Arrangør VerdiPitch er eit initiativ frå Mogleg AS i samarbeid med SpareBank 1 SMN.
2. Deltakarvilkår
Konkurransen er open for personar frå 16 år og oppover.
Påmelding skjer via elektronisk skjema på denne nettsida.
Berre seriøse bidrag vil bli vurdert.
Deltaking er gratis.
3. Premiering
Totalt premiepott er 50 000 kroner i utviklingskapital.
1.plass får 35 000 kr og 2. plass får 15 000 kr.
Premiane blir utdelte på Strynemessa i oktober 2026.
4. Jury
Juryen er sett saman av representantar frå lokalt næringsliv og SpareBank 1 SMN.
Juryen vel ut dei to beste idéane, og desse blir inviterte til å ta imot premien på Strynemessa.
5. Vurderingskriterium Idéane må vere originale og ikkje tidlegare offentleg lanserte. Juryen vurderer etter:
Gjennomførbarheit, innovasjonsgrad og løysing
Berekraftsaspekt (miljø, sosialt, økonomisk)
Endeleg premiefordeling blir avgjord av juryens samla vurdering.
6. Personvern og marknadsføring
Ved påmelding gir deltakarar samtykke til at kontaktopplysningar kan brukast av arrangørane innanfor denne konkurransen.
Dersom du går vidare i konkurransen, stadfestar du at Mogleg AS og SpareBank 1 SMN kan nytte bilete av deg til publisering i sosiale medium.
7. Ansvar og rettar
Arrangørane held seg til gjeldande regelverk for konkurransar og marknadsføring, inkludert marknadsføringslova § 18.
Alle som sender inn ein idé får ei stadfesting på at bidraget er motteke.
Etter juryens vurdering får alle deltakarar tilbakemelding på om dei har gått vidare eller ikkje.
Idéar som ikkje går vidare blir behandla konfidensielt og ikkje delt vidare.
Spørsmål? Send e-post til post@mogleg.no