Passe Snevert - Mappestruktur
Dei fleste har ein stad vi gøymer oss for: skrivebordet, nedlastingsmappa, "Diverse"-mappa som berre veks. Onsdag 19. august opnar Mogleg det første Passe Snevert med eit tema alle kjenner seg igjen i – mappestruktur og filorganisering – ved Christer Solberg.
Dei fleste har ikkje noko problem med å lagre filer. Problemet kjem når dei skal finne dei igjen.
I foredraget deler Christer enkle, overførbare prinsipp: korleis du kan designe systemet ditt slik at sortering skjer automatisk, kvifor eit middelmådig system du faktisk følgjer slår eit perfekt system du gir opp, og korleis du kjem i gang sjølv om du allereie har år med rotete filer.
Passe Snevert er Mogleg sitt nye møteplasskonsept, der nokon med spesiell kunnskap om eit avgrensa tema deler overførbar kunnskap med eit publikum som har valt å høyre nettopp om dette.
Tid: Onsdag 19. august, kl. 09:00–09:45
Stad: Digitalt på Teams
Foredragshaldar: Christer Solberg frå Mogleg
Meld deg på og bli med!